Trønder-Avisa skriv at Hødd-kaptein Joakim Wrele (25) har skrive kontrakt med Levanger Fotballklubb.
Svensken har vore tre år i Hødd og var på utgåande kontrakt.
Andreas Holmberg, sportssjef i Levanger Fotballklubb, er veldig godt nøgd med forsterkninga til laget.
- Joakim er ein erfaren Obosliga-spelar med ein herleg personlegdom. Ein god og klok fotballspelar som me gler oss til å få hit til klubben, seier Holmberg til Trønder-Avisa.