Karsten Warholm er ein av seks utøvarar som kan vinne prisen for "Årets gjennombrudd" under Idrettsgallaen på Hamar 7. januar.

Det er klart etter at Norges Idrettsforbund har presentert listene over dei nominerte onsdag.

Karen Marie Ellefsen, Hanne Haugland, Lise Klaveness, Kjetil André Aamodt og Jan-Erik Aalbu, samt toppdrettssjef Tore Øvrebø er juryen bak nominasjonane.

Karsten Warholm er nominert i kategorien "Årets gjennombrudd" saman med desse utøvarane: Filip Ingebrigtsen, Emil Iversen, Marcus Kleveland, Marte Olsbu og Silje Waade.

I "Team Tokyo"

Onsdag vart det også klart at Karsten Warholm er ein av utøvarane Norges friidrettsforbund ønskjer å satse på i åra framover. Warholm vart nemleg presentert som ein av ti utøvarar i den nye toppidrettssjefen sitt elitelag "Team Tokyo".

- Utøvarane i "Team Tokyo" er dei vi per i dag ser på som våre største satsingsprofilar fram mot dei neste Olympiske Leikane, seier toppidrettssjef Håvard Tjørhom til Friidrett.no. OL i Tokyo går av stabelen i 2020.