- Absolutt ein suksess, vi blei ikkje så mange som planlagd då Bergen Rugbyklubb trakk seg, men det var kanskje like greitt for det vart slitsamt til slutt, smilte trenar og pådrivar Ashley G. Morton etter at turneringa var over.

Etter planen skulle fem lag delta i turneringa, men Bergen Rugbyklubb trakk seg, noko som førte til at Sunnmøre Rugby delte laget i to og fylte tomrommet frå Bergen. Dette gjorde at somme lag mangla spelarar, men takka vere kjekke spelarar med god sportsånd blei problemet løyst ved at enkelte spelarar steppa inn for andre lag.

- Slik er rugbykulturen, det viktigaste er at vi har ein god kamp, især no medan vi nettopp har starta opp, forklarte Morton

Les meir om rugbyturneringa i papiravisa tysdag.

Resultat

Sunnmøre 1 – NTNUI/Fosen: 0-15 Braatt – Sunnmøre A: 0-15 NTNUI/Fosen – Braatt: 10-5 Sunnmøre A – Sunnmøre 1: 10-12 NTNUI/Fosen - Sunnmøre A: 34-0 Sunnmøre 1 – Braatt: 5-0

Sunnmøre Rugby sine spelarar