Dette er eit slags uoffisielt NM for 13- og 14-årslag.

I strålande vårver på Hareidsmyrane opna heimelaget kampen famlande og låg tidleg under med tre mål. Eitt av dei kom på straffe. 0-3 heldt seg inn til pause. Hareid kom meir med etter kvilen, men Molde scora nye tre mål. Filip Varhaug reduserte for Hareid. Trass i det klare tapet var dette ei god erfaring for unge Hareid-karar mot eit godt og meir fysisk Molde-lag.

Hareid stilte eit lag beståande av både første og andre års smågutespelarar. Hovudtrenar for laget er Stig Engen.