Vikebladet Vestposten møter Ahmet på Youngstorget laurdag ettermiddag. Fredag kveld landa han på Gardermoen, spenna klar for cupfinale søndag.

- Eg ser veldig fram til kampen. Det blir utruleg spennande.

- Har du vore i Norge før?

- Ja, mange gonger. Eg har besøkt både Ulsteinvik og Ålesund. Vestkysten er heilt annleis enn Oslo. Eg føler ein får meir innblikk i den urnorske kulturen på vestkysten.

Analytisk

Vi spør Ahmet kva han trur resultatet blir. Svaret vi  får er ikkje ein spontan kombinasjon av tal, men ein innsiktsfull analyse.

- Det blir svært viktig for Hødd å ikkje sleppe inn mål tidleg i kampen. Klarer dei å gå til pause utan baklengs, trur eg det går vegen. Då får Tromsø nervar, og Hødd vinn 1-0. Tromsø er sjølvsagt favorittar, men cup er cup.

Ahmet følgjer Hødd tett både i serien og i cupen.

- Laget fekk ein svært dårleg start på sesongen, og det gjer det ekstra imponerande at dei har tatt seg til cupfinalen  og at dei klarte å halde plassen i 1.-divisjon.

- Såg du semifinalen mot Brann?

- Sjølvsagt! Vi viste han på storskjerm  på restauranten eg driv. Det var svært imponerande at Hødd klarte å snu kampen. Restauranten min er «Hødd-hovudkvarteret» i Alanya, og vi viser mange av kampane til laget.

Ein kjenning

Vi må ta ei pause i intervjuet. Ahmet får ei hand på skuldra. Det er Sindre Eid, assistenttrenar i Hødd. – Så kjekt å sjå deg her!

Ahmet er ikkje eit ukjent fjes i Hødd-miljøet. Han har arrangert treningsleir for laget tre år på rad. Og i mars reiser blåtrøyene truleg til Alanya atter ein gong.

- Om dei vinn cupfinalen, kan det vere dei reiser til Spania for å delta i ei eliteturnering i staden, men vi får sjå. Det er Håvard Haanes som bryt inn. Haanes er aktiv i Hødd-miljøet, driv restaurant saman med Ahmet i Alanya og er vert for han under cupfinalehelga.

Ahmet er på fornamn med alle i Hødd.

- Men Fredrik (Klock) er ein av dei eg kjenner best. Og sjølvsagt Lars Arne (Nilsen). Han er ein svært dyktig trenar og leiar.

Det viser seg altså at "liten, men stor" er eit treffande motto for Hødd. Ein liten klubb frå ein liten stad, men med ein stor og internasjonal supportarskare.

Håvard Haanes (t.h.) driv restaurant saman med Ahmet i Alanya i Tyrkia. Ahmet har også arrangert tre treningsleirar for Hødd i heimbyen sin. Foto: Marius Myklebust