Årets sesong har vore veldig varierande for Hødd-rekruttane i 3.-divisjon.

Det starta bra med ein knipen 2-1-siger mot Bergsøy i serieopninga, men på dei neste seks kampane har fire av dei enda med tap.

Kenneth Moldskreds lag fekk seg derimot ein opptur sist runde, då dei slo Stranda 3-2. Dette var ein kamp Robin Hjelmeseth hevda var årsbeste frå deira side.

Ny opptur

Måndag kveld skulle dei få seg ein ny opptur då dei gjesta Spjelkavik stadion.

Ei skåring av Benjamin Mork Kleppe var det som skilde laga i den første omgangen, og Hødd gjekk til pause med ei 1-0-leiing.

Like etter avspark i den andre omgangen fann Robin Hjelmeseth vegen forbi sin gamle lagkamerat, Henrik Hansen, i Spjelkavik-målet. Hjelmeseth var ikkje ferdigskåra for dagen og auka til 0-3 fem minutt seinare.

Henrik Grimstad avslutta målfesten dryge 12 minutt før slutt med ei flott volleyskåring.

- Godt gjennomført

Moldskred var veldig godt nøgd med både sitt eige lag og vertskapet i Spjelkavika.

- Det var ein veldig godt gjennomført kamp av oss. Vi hadde eit solid forsvarledd, ei hardtarbeidande midtbane og eit farleg angrep, fortalde Moldskred på telefon til Vikebladet Vestposten.

- Også honnør til heimelaget, som var veldig hyggjelege kamparrangørar og som har eit spanande lag, la Hødd-trenaren til.

* Les meir om kampen i papiravisa torsdag.

Kampfakta:

3.-divisjon, avd. 9Spjelkavik - Hødd 2.-lag 0-4 (0-1)Spjelkavik stadion80 tilskodararMål: 0-1 Benjamin M. Kleppe (11), 0-2 Robin Hjelmeseth (50), 0-3 Robin Hjelmeseth (55), 0-4 Henrik Grimstad (78)Dommar: Torbjørn Krøvel, Ørsta ILHødd (4-3-3): Ole-Monrad Alme - Henrik Gjengår (Torvald Ringstad, 75), Markus Hjorthaug (Eirik Bringsvor, 81), Pål Skeide, Ruben-Kenneth Brandal - Eirik Heltne (K), Henrik Grimstad, Bendik Torset (Nils Erik Engen, 64) - Andreas Rekdal, Benjamin M. Kleppe, Robin Hjelmeseth

Heider:

*** Benjamin M. Kleppe** Markus Hjorthaug* Robin Hjelmeseth