1. kvalifiseringsrunde i NM for menn må vere spelt innan 17. mars i 2013. Har det nokon gong blitt spelt offisielle kampar så tidleg på året, spør vi oss. Neppe for dei lokale laga i alle fall. 17. mars er også datoen for Tippeliga-starten neste år. Av lag frå Søre Sunnmøre skal LGFK, Bergsøy, Volda, Hareid og mest truleg også Ørsta inn i 1. kvalifiseringsrunde. Det same skal eksilsunnmøringane i Lokomotiv Oslo. Dei har aldri tidlegare delteke i NM.
2. kvalifiseringsrunde må vere spelt innan 1. april, som også er 2. påskedag.
Regjerande norgesmeistrar er Hødd. Dei går inn i 1. ordinære runde 17. april. Då har alt blåtrøyene spelt to Adeccoliga-kampar (7. og 14. april).