Måndag kveld var det serieopning i 6.-divisjon avdeling 1 og Hareid 2 opna heime mot Sæbø, som mange ventar vil ligge heilt i toppen av avdelinga.

Laget frå Hjørundfjorden rykte ned frå 5.-divisjon sist sesong.

Det var heimelaget som hadde initiativet i starten av kampen på Hareidsmyrane, og som skapte dei første halvsjansane. Etter ti minutt kom første store sjansen til heimelaget då Fredrik Andresen vart spelt gjennom åleine med keeper, men avslutninga gjekk til side frå mål.

Minuttet seinare var det i staden Sæbø som tok leiinga. Ronnie Furseth vart spelt gjennom på venstresida av 16-meteren og plasserte ballen til side for Hareid-keeper Sigve Overå Hide.

Etter scoringa tok Sæbø litt meir over og skapte fleire brukbare sjansar.

Inn mot pause jamna det seg meir ut igjen på Hareidsmyrane og begge lag hadde fleire sjansar. Hareid 2 hadde mykje ball, men var ikkje farlege nok på siste tredjedelen.

Heimelaget skulle likevel få scoringa før omgangen ebba ut. Arthur Hareide la inn og i feltet ruva Benjamin Slettebakk. Han heada inn 1-1 tre minutt før kvilen og då var det fortent at heimelaget utlikna.

Hareid 2 opna best, Sæbø scorar

Som i innspurten før pause var det Hareid 2 som opna best første minutta i den andre omgangen. Arthur Hareide hadde mellom anna ei bra moglegheit då han avslutta over åleine med keeper.

Også i den andre omgangen var det bortelaget som skulle ta leiinga. Denne gongen var Furseth servitør til den tidlegare Ørsta-spelaren Terje Haugen Øye som sette ballen i mål bak Overå Hide.

Sæbø var klart mest effektive på Hareidsmyrane måndag, og sjølv om Haugen Øye var nære  ved å auke allereie etter 60 minutt, så kom bortelaget si tredje scoring få minutt seinare. Haugen Øye igjen sist på ballen for Sæbø.

Etter 1-3 førte Sæbø kampen nokre minutt, men siste kvarteret var det heimelaget som pressa på for redusering. Den kom også, ved Fredrik Andresen, men heimelaget måtte til slutt sjå seg slått 2-3 i opningskampen. Det resultatet kunne truleg ha vore noko annleis om Hareid 2 hadde utnytta sjansane sine betre.

Kampfakta:

Hareid 2 - Sæbø 2 - 3 (1-1)

Hareidsmyrane

Mål Hareid 2: Benjamin Slettebakk, Fredrik Andresen

Hareid 2: Sigve Overå Hide – Emil Vartdal Hareide, Ole André Kragset, Andreas Emdal Fure, Martinus Warholm – Fredrik Andresen, Benjamin Slettebakk, Ben Buntu, Hazhir Alipoor – Martinus Røyset Bakken – Arthur Hareide

Innbytarar: Kevin Øvrelid, Olav A. Hofseth, Thanusan Tharumalingam, Honar Alipoor, Anders Hjelle Øiestad

Andre resultat:

Tjørvåg - Gjerdsvika 4 - 1