Det knytte seg stor spenning til om Hødd sitt jentelag i årsklassen 18/19 år kunne ta seg vidare til semifinalen i A-sluttspelet.

Motstandaren var ingen ringare enn Herd, og etter to spanande omgangar i ordinær tid og ekstraomgangar, var det klart for straffesparkkonkurranse. Her var Hødd sterkast til slutt, og då Andrine Nevstad fekk sjansen til å score det siste og avgjerande målet for Hødd, var ho sikker som banken. Det enda med 5-3 siger til dei blåkvite etter straffekonken.

Det førte til stor jubel både frå pappa og klubblegende André Nevstad, og resten av Hødd-leiren, som følgte spent med på kampen frå sidelinja!

Med det er Hødd klare for semifinale, og den blir spelt allereie fredag kveld. Der ventar Tiller IL. Sjå resultat her.

- Mållaus trenar

Trenar Ole Per Kragset fortel på telefon frå Ekebergsletta at det vart litt av ein thriller.

- Vi er eigentleg litt mållause no heile gjengen. Dette var veldig, veldig kjekt, seier Kragset.

Han fortel at Herd gav Hødd god motstand, men når det framleis stod 0-0 ved full tid, og etter at kampen gjekk til straffekonkurranse, hadde jentene berre eitt mål for auge.

- Vi var dyktige defensivt og jobba steintøft. Når vi først då kom til ein straffekonkurranse, sette vi fem av fem straffer. Det er enormt bra!

No blir det eit nytt knalltøft oppgjer allereie fredag ettermiddag, mot Tiller i semien. Tiller slo overraskande ut Lyn, eit lag som mange hadde trudd ville gå heile vegen i år, og som hadde mange landslagsspelarar.

- Slik er fotballen. Vi møter nok uansett eit veldig godt lag. Dei har gjort det bra i dei innleiande rundene, så får vi sjå korleis vi kan klare å ta dei. Vi skal gjere vårt beste, seier Kragset til slutt.