- Det var veldig artig. Vi visste ikkje kven som vann før på premieseremonien, sidan vi ikkje fekk vite resultata til dei andre undervegs. Men så las dei opp Anders Eide frå vårt lag som vinnar i HF (skarpskyting) og meg som vinnar i LSV. Då begynte folk å kviskre at det var Norge som ville vinne, seier Moldskred til Vikebladet Vestposten.

Han er frå Haddal, men er for tida busett i Ålesund. Moldskred driv både med baneskyting og militær skyting. Som baneskytar representerer han Moltustranda og gjer det veldig godt. I Danmark representerte han HV11 (Møre og Fjordane Heimevernsdistrikt 11), som igjen var Norge sitt deltakarlag i konkurransen. Og det gav sjølvsagt god meirsmak.

- Definitivt. Dette var første gongen eg var med i ein landskamp, og vi fekk med oss vandrepokalen heim. Så blir det spennande å sjå om vi stiller med det same laget neste år, seier Tom Olav Moldskred.

Det vart konkurrert i åtte disiplinar, mellom anna pistol og salonggevær under landskampen i Danmark. Det viste seg at HV11 frå Norge vann suverent. Totalt var Tom Olav Moldskred fjerde beste skyttar.