Fredag fekk Vikebladet Vestposten besøk av Haddals Jonas Ringstad i samband med innspelinga av vekas #VVFotball. Under sendinga snakka «panelet» om det aller meste av lokal seniorfotball som anten har tatt, eller skal snart ta, sommarferie.

Etter at Ringstad hadde reist, fekk redaksjonen ein mystisk pakke med gamle bilete. Eitt av desse bileta, som du kan studerere nærmare i bonusklippet til #VVFotball øvst i denne saka, vekte interesse i sportsredaksjonen.

Veit du kven dette kan vere? Send oss ditt tips til sport@vikebladet.no - og vinn ein flott premie!

Frist for å sende inn svaret ditt er søndag klokka 23.00.

Vinnaren vert annonsert måndag føremiddag.