* Flø sigra 2-0 heime mot Kvamsøy/ÅVK II fredag kveld. Laget heldt nullen i ein seriekamp for første gong sidan 24. juni 2009 (1-0 mot Haddal). Torstein Vattøy og Ansvar Dulic scora for heimelaget. Flø har tatt alle sine 10 poeng i år på dei fem siste kampane. Referat frå kampen les du i dagens utgåve av Vikebladet Vestposten.
* Måndag vann Hareid II 3-2 borte mot Gjerdsvika/Moltu. Heimelaget leia 1-0 til pause. Per Ståle Nykrem (2) og Tore Johan Ytre-Hauge scora for Hareid, som leiar avdelinga fem poeng framfor Sæbø (som har to kampar til gode).
* Den største sigeren tok Haddal, som vann komfortabelt 4-0 heime mot Tjørvåg måndag. Lasse Ødegård og Joe Kijjarak scora før pause, medan Ødegård putta på to nye i 2. omgang. Referat frå både GIL/MIL - Hareid II og Haddal - Tjørvåg kjem i torsdagsutgåva av Vikebladet Vestposten.