Lonbakken har med unntak av eitt år i det militære jobba ved butikken sidan han vart ferdig med den vidaregåande skulegangen. Han har gått med planar om å studere, men då stillinga som dagleg leiar vart lyst ut kunne ikkje Lonbakken la vere å søke. Og gledeleg nok fekk han tilslag. Sjølv om 22-åringen offisielt ikkje er tilsett som dagleg leiar før 1. september har han ei tid fungert i den same stillinga.
– Kva slags oppgåver har du som sjef ved butikken, Håkon?
– Eg er ansvarleg for den daglege drifta. Eg ser til at bestillingane blir gjort, eg følgjer opp rekneskap og økonomi, set opp vaktlister, ja i grunnen ganske mykje forskjellig, forklarer nyesjefen.
Bunnpris Hareid har om lag ni tilsette, men det skal tilsetjast endå fleire. Det er nemleg mykje å gjere på butikken. Ingen daglegvarebutikkar har lengre opningstider på kvardagane. I tillegg har dei som einaste daglegvarebutikk i kommunen ope søndagar. Etter å ha prata med Håkon verkar det som mykje fungerer godt ved butikken.
Håkon Lonbakken bur på Hareid, som han alltid har gjort. Men 22-åringen er også ofte på Otta, der foreldra kjem frå. På fritida er Håkon fotballkeeper i Hareid IL, der han er kaptein for klubbens 6.-divisjonslag.