- Det er ein jamn kamp, meg eg synest vi er det beste laget og at vi skapar nok målsjansar til å vinne. Det vil seg ikkje heilt, og dei får scoringa si heilt på slutten. Eg synest det er sterkt at vi klarar å riste av oss den seine utlikninga og at vi kjem tilbake og spelar to gode ekstraomgangar. Straffekonk er straffekonk og vi er veldig nære å få med oss noko. Det blir tap, men eg synest vi gjer ein veldig bra kamp og at vi kan vere nøgde med spelet vårt, fortel Hødd-kaptein Jesper Törnqvist.

Hødd var nære ved å score fleire gongar, mellom anna ved Ole Amund Sveen som trefte stolpen tidlig i kampen, men marginane var ikkje på dei blåkvite si side og dermed enda det til slutt med eit surt tap etter ekstraomgangar og straffekonk.

- Ein får gjerne marginar med og mot seg i løpet av ein kamp, men til slutt kjennest det som om vi blir hardt straffa og at vi nok kunne avgjort kampen tidligare. Vi kunne nok sett oss sjølv i ein endå betre situasjon, men det er kamp der eg synest vi definitivt er betre enn Jerv.

Hødd hadde overtaket i store delar av kampen, og etter at Joakim Wrele sende heimelaget i leiinga tok det svært lang tid før Jerv kvitterte.

- Den scoringa må eg langt på veg ta på mi kappe. Ballen kjem rett mot meg, men den går rett i lyset og då mistar eg kontroll på den og får den rett i kroppen slik at den sprett vidare. Der skal eg gjere det betre, men eg såg ikkje ballen, og det er synd at det skulle verte avgjerande. Det var tungt der og då å måtte prøve å omstille seg, sidan det kjennest som at vi hadde kampen på gaffelen.

Törnqvist blei ståande å sjå fire av lagkameratane score straffer på rad, medan Aslak Falch redda ei. Dermed kunne Hødd avgjort det med Michael Karlsen si straffe, men slik skulle det ikkje gå, og då også Christoffer Aasbak bomma var det i staden bortelaget som utnytta situasjonen.

- Det er veldig spanande å stå der, det blir litt bingo. Eg synest eigentlig vi gjer ein veldig god straffekonk og er veldig nære ved å vinne, men så snur det og Jerv tek sigeren.

Med tap etter straffekonk er årets sesong over for Hødd, og sjølv om håpet var at ein skulle kunne forlenge den med endå nokre kampar, meiner Törnqvist at Hødd har levert ein god sesong i Obos-ligaen.

- Eg er veldig nøgd med sesongen. I utgangspunktet hadde vi eit mål om å kome til kvalifisering. Når vi kjem hit skulle vi sjølvsagt gjerne ha kome lenger. Eg synest vi har spelt bra i det siste, og at vi spelte bra i dag også. Dermed trur eg vi kunne gått langt i denne kvaliken, men det stoppar dessverre med straffekonken her i dag, avsluttar Törnqvist.