Tradisjonen tru går første utgåve av Grimstadvatnet Rundt av stabelen første laurdagen i november. Løpet er det første i Vinterkarusellen, og det er nye løp første laurdag i desember, januar og februar.

Grimstadvatnet Rundt har start- og målgang ved Hareid stadion og går på ei 7,8 kilometer lang rute rundt Grimstadvatnet.

Det er samla premiering i Vinterkarusellen, og for å vere med i samanlagtkonkurransen må løparane ha delteke i minst tre av dei fire løpa rundt Grimstadvatnet.