Sundag avslutta Brann sesongen med å tape 1-2 heime mot Hødd. For Brann sin del hadde ikkje kampen noko å seie, sidan laget allereie var klare for opprykk, men for Sindre Eid og Hødd var dei tre poenge svært viktige, og Hødd er no klare for kvalifisering heime på Høddvoll mot Jerv.

Bergensavisen skriver sundag kveld at spelarar, støtteapparat, administrasjonen og styret i klubben vart informerte om at Nilsen har takka ja til ei treårskontrakt med Brann. Det var Brann sin styreleiar som informerte om at avtalen var klar.

Lars Arne Nilsen var svært nære ved å ta Hødd til Tippeligaen i 2013. Då stod Mjøndalen i vegen for dei blåkvite, men i 2016 får Nilsen for første gong prøve seg som trenar på høgste nivå i norsk fotball.

Les også: - Vi har fortent plasseringa

Les også: - Kunne ikkje seie nei til Brann