Joachim Magnussen og Øystein Vestvatn sende begge Hødd i leiinga. Magnussen med 1-0 og Vestvatn med 2-1, men etter 90 minutt måtte Hødd ta til takke med eitt poeng, etter at eit skot frå Martin Ellingsen endra retning i Hugues Wembangomo og dermed sette Jan-Lennart Urke fullstendig ut av spel.

Med to poeng etter tre kampar var det ein skuffa Hødd-trenar som møtte pressekorpset etter kampslutt.

- Vi skulle gjerne hatt meir enn to poeng, men slik er fotballen. Vi tek med oss det vi har vidare og så jobbar vi mot Levanger til helga for å skaffe oss tre poeng til, seier Eriksen.

Er det uflaks eller udyktigheit som fører til at ein ikkje får med seg tre poeng?

- Vi har ikkje vunne til no, og det er synleg no i starten av ein sesong. Kanskje det er derfor vi blir litt passive i forsvarsspelet vårt etter at vi går opp i 2-1. Vi håpar litt for mykje i staden for å fortsatt ta tak i kampen. For vi hadde overtaket i lange perioder før Kongsvinger si andre scoring. Du kan godt kalle det uflaks når skuddet går via ein spelar, men vi sleppte dei for lett til og var for slappe i forsvarsspelet.

Les også: - Det er eit tap for oss

Må springe meir

Eriksen meiner Hødd for ofte let Kongsvinger spele seg for nærme Hødd-målet.

- Vi blir litt feige, litt for passive og håpar at ting skal løyse seg utan at vi tek tak i det sjølve.

Frå start mot Kongsvinger fekk publikum på Høddvoll sjå eit heimelag som spelte meir direkte enn laget har gjort i sine to første seriekampar.

- Vi er ingenting om ikkje vi spring, og vi må springe meir i full spurt. Vi må gje motstandarane våre meir problem enn vi klarte mot Bryne, og hadde ein klar plan på det og på at vi skulle springe meir i retning av målet til Kongsvinger.

Men sjølv om Hødd skapte meir enn dei gjorde heime mot Bryne, og fekk med seg to scoringar, så var det ikkje nok til tre poeng denne gongen.