Hødd dominerte lenge kampen borte mot Kristiansund, men det har byrja å gå hakk i plata. For sjølv om Hødd var gode, så mangla det viktigaste. Laget leverer framleis for lite mål framover, og slepper inn for mange bakover.
For Hødd-kaptein Joakim Wrele var det rart å stå att etter kampen, med to baklengs og null poeng, etter ein kamp der Hødd sleppte til svært lite sjansar.
- Det er rart, men ein ser at vi har noko på gong. Vi styrer kampen lenge, men slit med å score. Og når vi slepp inn mål i staden, så blir det vanskeleg å vinne fotballkampar. Det er nedgong og oppgong i eitt. Det er veldig surt å stå att utan poeng, men vi lærer noko av det, seier Wrele.
Etter å ha hatt stålkontroll på det KBK prøvde seg på offensivt i heile den første omgangen, var det ikkje meir enn eit glepptak på ein corner som skulle til.
- Det er ein miss av oss, og det er sånt som ikkje skal skje, men som skjer likevel. På 2-0 skulle eg ha vore i ein betre posisjon, slik at eg kunne fått rydda unna innlegget. Det er individuelle prestasjonar av oss som ikkje er gode nok og då blir det mål, fortel stopparen.
For svake prestasjonar
I dei første 45 minutta var Hødd svært aggresive, gav KBK lite plass og styrte det meste på Kristiansund Stadion.
- Det var planen. Vi visste at det ville bli ein krig, og vi var innstilte på å vinne både første- og andreballane. Det gjorde vi også, og derfor sleppte vi også til veldig lite. Vi kontrollerte veldig greitt i den første omgangen. Det er utruleg synd at vi taper slike kampar.
Ei av årsakene til det er at Hødd ikkje scorar nok mål.
- Vi kjem ikkje til dei rette sjansane ofte nok. Men om vi hadde holdt nullen, så hadde vi i det minste fått med oss eitt poeng. Når vi ikkje klarar det, og ikkje scorar sjølv, då blir det tap.
Wrele meiner Hødd slepp inn for mange scoringar der det er forsvarsfeil, eller svake prestasjonar som fører til scoringane.
- Hadde det vore fantastiske prestasjonar av angriparane så hadde det berre vore å applaudere, men her er det ofte våre individuelle prestasjonar som ikkje er gode nok. Det er små ting som må endrast, men når det går i orden så blir vi veldig stabile. Vi har mange kampar igjen, vi styrer dei fleste kampane vi spelar og når vi får på plass det siste, så kjem også poenga til å trille inn.
Men no må det vere på tide å plukke meir poeng?
- Ja, det er det verkeleg. Det var det før både denne og førre kamp også, slår Wrele fast.
Sviktar i ein situasjon
Også Torbjørn Kallevåg meiner Hødd lenge leverte på eit høgt nivå.
- Vi er tilfredse med at vi har 0-0 til pause, og ønskjer å gå ut og stramme til i den andre omgangen. Dessverre så har vi ein situasjon der det sviktar, men ein ser at vi har noko på gang, meiner Kallevåg.
- Eg er sikker på at det kjem til å snu snart, slår han fast.
Hødd har ikkje vore gode nok framom dei to måla, og også denne gongen vart det mostandaren som var giftigast.
- Det går på sjølvtillit. Vi må fortsette å ha den "goen" i laget som vi har i dag. Det er ein augneblink der vi ikkje er heilt på, der dei scorar, og det er surt, men sånn er fotballen.
Kallevåg meiner Hødd responderte betre mot KBK etter å ha kome bakpå, enn laget har gjort i ein del andre kampar denne sesongen. Men responsen førte ikkje til scoringar, og dermed heller ikkje til poeng.
- Vi har ein gedigen sjanse til å utlikne ved Robin Shroot, men vi har litt stang ut om dagen. Eg føler likevel på meg at det er ein del på gang. Vi er på god veg, og vi heng godt med, styrer og til dels dominerer. Vi må halde fram med det vi har tru på. Vi kan ikkje byrje med andre ting. Vi må jobbe vidare, så kjem dette til å snu, seier Kallevåg.