Det er frå det 90. minuttet og utover det verkeleg skjer når Haddal spelar.

For to veker sidan både scora og sleppte Haddal inn mål i overtida i bortekampen mot Hareid2/Hjørungavåg - som enda 3-3. Sist veke vann sebratrøyene 4-3 heime mot Kvamsøy/ÅVK etter eit mål langt ut i overtida.

Men denne gongen gjekk det imot Haddal. Det stod 0-0 etter 90 minutt borte mot Moltustranda/Gjerdsvika. Så scora Jogeir Husøy for heimelaget, som dermed vann 1-0.

Meir i torsdagsnummeret.

Dette var Haddals siste seriekamp i 6.-divisjon denne våren. Hareid2/Hjørungavåg avsluttar med bortekamp mot Kvamsøy/ÅVK laurdag.

Andre resultat måndag:

* LGFK II - Tjørvåg 0-2* Åheim - Volda II/Hovdebygda II 2-2

Tabellen.