Måndag er det nesten full runde (fem av seks kampar) i 4.-divisjon. Hareid spelar bortekamp mot Valder, eit lag som har opna sesongen sterkt med seks sigrar, éin uavgjort og eitt tap.

Hareid har opna sesongen litt betre enn venta totalt sett, men har berre tatt to poeng på dei tre siste kampane. Hareid har rett nok møtt gode lag desse kampane.

Lars Andreas Dahlen Folkestad og Robin Jackson Indreflø må stå over måndagens kamå grunna tre gule kort. Spelarar som Eiliv-Tore Howlid, Joar Møller, Thor-Ove Brekke, Hiwa Alipoor og Martin Nikolai Longva er heller ikkje disponible.

Hareid IL Fotball melder at dei stiller denne troppen:

1. Vagn Scheide Mork12. Fredrik Lonbakken2. Alexander Nevstad4. Thanusan Tharumalingam5. Håkon Orten Trovåg7. Ola Kalvø Vattøy9. Georg Eikrem Olsen10. Ørjan Engen Grimstad11. Christer Adrian Mork14. Nauris Driksna18. Fredrik Andresen21. Simon Holstad Grimstad23. Ivar André Aadland24. Runar Stranden25. Ulrik Wingsternes26. Øyvind Hagen

Tabellen.