Alle trudde at Hareid hade teke leiinga 1-0 då Remi Helleseth stakk fram og skora på eit innlegg frå Ronny Jørgensen etter ca fem minutts spel. Men linjevakta vinka av Helleseth for offside, ei avgjerd mange av dei som stod i god posisjon på tribuna ikkje var samde i. I det 14. minutt gir Aksel Gjøsund gjestane leiinga 1-0. Hareidsforsvaret ropar på offside i det Gjøsund tek i mot ballen. Gjøsund gjer det på si side frykteleg enkelt: Han snur seg rundt på 35 meters hald og skyt ballen på heil volley over Vagn Scheide Mork, som stod eit stykke ute frå målstreken. Ei fiks, frekk og overraskande skoring, men truleg burde SIF ha vore avblåsne for offside. Det ser ut som om Hareid utliknar då Ronny Jørgensen får ballen i feltet ei stund seinare. Jørgensen vender bort ein SIF-spelar og skyt i mål. Men atter ein gong annullerer dommaren - denne gong på grunn av noko som skjedde i trekka før. I staden får Skarbøvik frispark. I 2. omgang har Hareid mykje av initiativet, men Skarbøvik kontrar farleg fleire gonger. Martin Molnberg utliknar til 1-1 på corner. Han stormar fram og headar ballen i mål i det 75. minutt. Hareid kjempar iherdig for å få vinnarmålet, men SIF-forsvaret er tett - og Hareid er lite oppfinnsame. Det meste går fram i midten, der SIF er svært patente. Hareid er heller ikkje flinke til å ta seg av returballane etter dei mange oppspela.

Hos Hareid leverte Ørjan Engen Grimstad ein flott kamp som midtstoppar. God var også målskorar Martin Molnberg. Resten av laget kjempa godt, men angrepa vart for einsidige. Hos Hareid kom Kim-Tore Husøy inn som innbyttar i 2. omgang. Alt tyder på at han blir Hareid-spelar resten av sesongen og at han droppar skuleopphald i Bodø i denne omgangen. For Hareid fekk forresten junioren Åge Møgster debuten sin på a-laget då han kom inn som back for Karsten Melø i 2. omgang. HAREID stilte slik: Vagn Scheide Mork - Karsten Melø, Ørjan Engen Grimstad, Martin Molnberg, Ruben Kenneth Brandal - Per-Ståle Nykrem, Tore Ytre-Hauge, Even Hansrud, Marius Slettebakk - Ronny Jørgensen, Remi Helleseth. Innbytte: Kim-Tore Husøy, Åge Møgster, Robin Indreflø, Espen Beiermann. Andre 3.-divisjonsresultat fredag kveld: Volda-Langevåg 4-0, Ørsta-Valder 1-2, Sykkylven-Spjelkavik 1-2. SIF toppar tabellen med 31 poeng, Brattvåg har 28, Hareid 27, AaFK2 25, Volda 22, Sykkylven 22, Hødd2 16, Langevåg 16, Valder 16, Spjelkavik 16, Blindheim 12, Ørsta 12. Dei to siste kampane i runda går mandag: Brattvåg-AaFK2 og Blindheim-Hødd2.