Stillinga ved pause var 1-0 etter scoring av Teigen. I andre omgang la Sandal på til 2-0 etter 72 minutt. Hødd var det klart beste laget og stilte med dette mannskapet: Deinoff, Leirstad, Rusten, Stavseng, Værnes, Holand, Nevstad, Sandal, Rasmussen, Teigen, Rekdal. Mot slutten av kampen fekk junioren Emil Viddal sin debut i A-lagssamanheng. Det same fekk dei tre gutespelarane Jørund Widnes Johansen, Martin Haanes og Eirik Heltne. Meir om saka i papiravisa tysdag.