Det er heimesida til Hareid IL som melder dette. Jostein Sundgot fortel at bana får gras av typen "SoccerPro Xtreme Combi". Leverandør er Sport Surface i Haugesund, som også har leveransen på kunstgraset til Bergsøy. Men herøyværingane har valt ein annan grastype enn Hareid. SoccerPro Xtreme Combi er ein ny grastype med diamantforma monofiber-gras kombinert med splittfiber.Diamantforma på graset vil halde graset meir oppreist enn dagens tradisjonelle kunstgras.Graset er fleirfarga, og vil derfor sjå meir naturleg ut. Den grastypen Hareid har valt er ikkje levert i Norge før, men ei bane i Åkrehamn på Karmøya har ein grastype som liknar. Medlemer av anleggskomiteen til Hareid har vore nedover og sett på denne bana - og vart imponert.

Satsar på "kvitt lys"

Når det gjeld lysanlegg opplyser Sindre Breivik at dette vart teke ut av hovudentreprisen til UFO Entrepenør. Odd Arve Riise tok på seg arbeidet med å hente inn tilbod, og det enda med tilslag på Tussa Nett AS. Tussa si lokale forankring blir nemnt som ein fordel. Fleire tilsette i Tussa AS er aktive i Hareid IL, noko som gjer det lettare å nytte seg av desse som ressurspersonar i dugnadsdelen som er lagt inn i anbodet. Det blir reist 6 lysmaster, kvar 16 meter høge og med 4 armaturar i kvar mast. Anlegget held seg til krava til slike anlegg. Lysstyrken på banedekket skal ikkje vere under 200 lux i gjennomsnitt når makasimal styrke står på. Treningslyset kan vere på 100 lux. Hareid valde til slutt kvitt lys etter først å ha landa på gult lys. Anleggskomiteen gjorde synfaringar til banene til Spjelkavik (kvitt lys) og Hessa (gult lys) - og konkluderte med at Spjelkavik-lyset var det klart beste. Etter nokre runder med Tussa fekk ein altså vride det frå gult til kvitt. - Med handa på hjertet kan eg signere for at Hareid IL har fått det beste lysanlegget som er å oppdrive til den prisen vi hadde budsjettert for, seier Sindre Breivik. Kunstgrasbana på Hareid vil truleg stå ferdig i slutten av mai.