Hege Holstad i Hareid IL varma opp alle deltakarane i om lag 15 minutt før sjølve Team Atletics-konkurransane starta. Foto: Anne Gry Eilertsen

SJÅ OGSÅ: Bileteserie frå TeamAtletics i Hareidshallen

Hareid IL og Dimna IL arrangerer i dag Team Atletics i Hareidshallen for sjuande gong. Samlinga er eit rekrutteringstiltak for friidretten, og deltakarane kjem frå Ørsta, Ålesund, Hareid og Dimna IL.

Stemnet er ein lagkonkurranse med fire deltakarar på kvart lag. Det blir konkurrert i både tradisjonelle og utradisjonelle øvingar. Deltakarane er i aldersgruppa 8 til 14 år.

Øvingane dei skal gjennom er desse: sprintløp, lenge u/tilløp, tresteg utan tilløp, frekvenshopp, vertikalhopp, balanse, kule, spyd og stafettar.

Det er sett opp lagpremie til beste lag i kvar årsklasse. I tillegg får alle deltakarpremie.

RESULTAT:

10 ÅR

1) Hareid IL lag 2 - Markus Hareide, Andreas Nesset, Saajena Thuraisamy, Renate Wist

2) Ålesund FIK

3) Dimna IL lag 2

4) Dimna IL lag 1

5) Hareid IL lag 1

11 ÅR

1) Hareid IL lag 2 - Håvard Mork Brevik, Svenning Veiseth, Bendik Engen, Hanna H. Grimstad

2) Ørsta IL lag 1

3) Ørsta IL lag 2

4) Dimna IL lag 1

5) Hareid IL lag 3

6) Ålesund FIK

6) Hareid IL lag 4

8) Hareid IL lag 1

9) Dimna IL lag 2

12 ÅR

1) Dimna IL lag 2 - Iver Moldskred, Johanne Rise Kvalen, Martha Aarland, Emilei Tjervåg

2) Hareid IL lag 1

3) Dimna IL lag 1

4) Hareid IL lag 2

5) Ålesund FIK

13/14 ÅR

1) Hareid IL - Simon Holstad Grimstad, Jan Erik Tenfjord Bjåstad, Martine Rafteseth, Oda Håbakk Djupvik

2) Dimna IL

8/9 ÅR (IKKJE RANGERT)

Deltakarlag: Dimna IL lag 1, Dimna IL lag 2, Hareid IL lag 1, Hareid IL lag 2, Hareid IL lag 3, Hareid IL lag 4, Ørsta IL, Ålesund FIK.