På spørsmål frå Sportsbladet svarer Åge Hareide at han så absolutt kan tenke seg ei ny runde med svensk toppfotball. Han hadde trivelege år i Sverige, og synest der er ein annan fotballkultur. Hareide var trenar for Helsingborg i to sesongar i 1998 og 1999. Laget tok då SM-gull, ein andreplass og eit cupgull. Hareide røpar at han i løpet av åra som landslagssjef i Noreg har fått eit par tilbod frå Sverige, men at han då valde å konsentrere seg om det norske landslaget. Men viss tilboda frå Sverige kjem no, er situasjonen ein annan. I tillegg har to engelske Championshipklubbar også tatt kontakt med Åge Hareide.
Sport →
Åge Hareide kan vere på veg til Sverige
Den svenske avisa Sportsbladet skriv at den avtroppande fotballandslagssjefen har fått spørsmål frå svenske klubbar.