Toppturnering for smågutelag
Komande helg skal smågutelaga til Hødd, Sogndal, Molde og Byåsen bryne seg på kvarandre i ei toppturnering i fotball på Høddvoll. Dei fire laga blir rekna å vere dei beste laga i sine regionar, og for Hødd vil turneringa gi verdfull matching og høve til å sjå kvar dei står i landskapet. Kampane blir på 2x35 minutt - og kvart lag spelar ein kamp om dagen, d.v.s. at dei får med seg tre kampar i løpet av helga. Det tek til med Hødd-Sgndal og Molde-Byåsen på fredag. Laurdag står Hødd-Byåsen og Molde-Sogndal på programmet før det heile blir avslutta med Hødd-Molde og Byåsen-Sogndal på søndag. Etter kampane søndag blir det delt ut premiar til dei beste laga i seriespelet. Hødd oppmodar publikum til å ta turen til kunstgrasbana, der kampane skal vere. Der blir det også kiosksal. Hødd satsar på å gjere turneringa årviss.