I løpet av dei siste året har Karsten Warholm for alvor blitt eit kjent namn. Ikkje berre i norsk friidrett, men også internasjonalt. Spesielt etter gullet på 400 meter hekk under VM i London har merksemda rundt Warholm auka, men mor og manager Kristine Haddal fortel at ein merka auka interesse også tidlegare i gullsesongen.

Må få bruke tida til trening

– Eg merka stor forskjell etter Bislett Games i fjor. Frå då vart det eit markert skilje der trykket auka. Etter VM-gullet vart det sjølvsagt endå meir og trykket var jamt høgt heile hausten. Med OL og vinteridrettane gjekk det litt ned og vi fekk ei litt rolegare periode, men etterpå auka trykket igjen, fortel Kristine Haddal.

Ho legg til at det har blitt ein klar auke i førespurnadar frå internasjonale aktørar.

– Han kunne hatt ein del intervju og andre aktivitetar fleire gongar for veka om han hadde ønska det, men vi må sette tydlege grenser. Det å halde fram med å vere der oppe, halde fram med å kjempe i verdstoppen, det arbeidet kjem ikkje av seg sjølv og då må Karsten bruke mykje tid på trening og restitusjon, slår Haddal fast.

Difor er det viktig å avgrense kor mykje Warholm er med på. Sjølv seier Karsten Warholm at han er temmeleg dårleg til å seie nei, men at han heldigvis har folk rundt seg, både Kristine og trenar Leif Olav Alnes, som er flinkare til å sette ned foten ved behov.

– Eg har fått god trening siste året, ler Kristine Haddal.

Det kan kome godt med, for som 22-åring har truleg Warholm mange år framom seg på toppnivå, og det er ingen grunn til å tru at interessa rundt Warholm kjem til å minke særleg i tida.

At interessa rundt Warholm er stor tyder samstundes på at han har gjort mykje rett, og Kristine Haddal meiner det er ei gladsak at mange viser interesse for både Karsten Warholm, norsk friidrett og Warholm sin klubb Dimna IL.

Tek ein del tid for manageren

Med det aukande trykket rundt Warholm, blir det også meir å gjere for ho som er manager.

– Det tek ein del tid, og er ikkje nokon 8 til 4-jobb. Du må vere tilgjengeleg både kveldar og helgar, men med telefonen er ein godt hjelpt og kan gjere mine ting og samstundes vere tilgjengeleg. Eg synest det har gått heilt fint å kombinere, sjølv om eg naturleg nok måtte gå litt ned i stilling i den jobben eg har. Der er eg også heldig som har ein fleksibel arbeidsgjevar og det handlar om å finne gode løysingar, fortel Haddal.

Ho er ein del av eit framleis lite, men godt fungerande apparat rundt friidrettskometen, med Leif Olav Alnes som trenar og med Haddal som manager.

– Vi har ulike sparringpartnarar dersom vi har behov for det, og det har fungert veldig godt for oss. Då har vi heile tida den fulle oversikta og vi har begge hendene på rattet. Det viktigaste er at det fungerer for Karsten og han har vore tydleg på at dette er måten å gjere det på. Tidvis er det mykje som skal koordinerast, og dersom ein skulle vere mykje folk for å utføre dei ulike oppgåvene så ville det også tatt mykje tid. Det er veldig effektivt for oss å vere få, så kan vi heller hente inn hjelp ved behov, fortel Haddal.

Langsiktig tenking

Det er ikkje berre interessa frå pressa som har skote i vêret etter VM-gullet i London. I tida etter triumfen var det mange som spådde at Warholm ville vere eit svært heitt sponsorobjekt, men frå hekkeløparen og apparatet hans har det vore ganske stille på dette området.

– Vi har valt å bruke tid og å sjå langsiktig på dette. Det har vore ein strategi som har fungert for oss, og for Karsten spesielt. Vi har blitt kontakta av mange, men det er noko med å finne dei rette. Dei som forstår idretten og kva som krevst for å vere der oppe, fortel Haddal.

Ho understrekar at det viktigaste uansett vil vere prestasjonane til Karsten Warholm.

– Det krev veldig mange treningstimar og rett fokus for å vere i verdstoppen. Ikkje minst derfor er det viktig å inngå avtalar med dei rette samarbeidspartnarane, seier Haddal.

Warholm har også gode støttespelarar, mellom anna fleire lokale aktørar som til dømes Sparebanken Møre og Jets.

– Vi føler oss privilegert som har dei partnarane som har følgt Karsten gjennom fleire år, vi set stor pris på at dei har hatt same fokus som oss og forståing for det arbeidet som krevjast. Det å ta dei i vare og følgje opp det som er avtalt med dei er minst like viktig som tidlegare, fortel Haddal.

Kristine Haddal har oppgåva som manager for sonen Karsten Warholm. Det er ein jobb som tek meir og meir tid. Her saman med Mikal Warholm. Foto: Arkiv