Silje Brandal Coughlan bur i Brandal og går i sjuande klasse ved friskulen i Brandal. Då ho fekk spørsmålet om å stå for den offisielle opninga av årets Hareidsstemne, sa ho ja på direkten.

- Eg er ikkje redd for å opptre i store forsamlingar. Sidan eg var lita jente har eg opptrådt under barnetimen 17.-mai i Brandal, og i år heldt eg talen 17. mai, fortel ho.

Silje har vore med på fleire tilstellingar under tidlegare Hareidsstemne. Mora May Britt syng i Brandalskoret, og unge Silje vart ofte plassert på ein stol under Hareidsstemnefesten. I år er ho med i koret som skal synge under konserten til Hareid kunst- og kulturskule onsdag. Og laurdag er ho tenkt seg på konsert med vokalgruppa Pust.

På fritida er Silje veldig interessert i riding, og draumen er å få seg eigen hest.

Opning på Hareid rådhus

I fjor var det fylkesordførar Lodve Solholm som opna stemna, i år blir det eit ungdommeleg pust frå Brandal. Opninga skjer på Hareid rådhus komande laurdag, der publikum rett etter på kan sjå utstillinga til biletkunstnar Marita Bett Jensen.

Men det skjer meir i Hareid komande laurdag. Tidlegare på dag tek Hareid blandakor oppstilling ved statuen av Johan H. Grimstad i parken, og på programmet står det både song og blomsternedlegging.

Parade i gatene

Deretter blir musikkparade i gatene. Hamar Musikkorps/Jernbanens Musikkoprs Hamar skal både spele og marsjere. Det blir heilt sikkert ei oppleving for dei som møter fram for å sjå og høyre dei dyktige musikantane frå Hamar. Paraden blir ein liten aperitiff på konserten som dei skal halde i Hareidshallen søndag kveld.

Tyrolarinnslag på Hareid Hotell

Men det står meir på programmet laurdag. Om kvelden spelar Five Beats opp til dans på Hareid Hotell. Eit friskt pust under dansen blir truleg innslaget med tyrolargruppa til Hamar Musikkorps/Jernbanens Musikkorps Hamar. Tyrolargruppa har 10–12 musikantar, og er det flotte namnet “Schneidelbrunner Tiroler Hofkapelle”.