- Eg synest det er sterkt å kome tilbake slik, seier Sindre Eid.

For det var himmel og helvete på Høddvoll i dag laurdag. Den første omgangen starta jamt, med elendig spel frå begge lag og absolutt ingen sjansar. Men etter 28 minutt kom den første sjansen – og det første målet.

Levanger la inn frå høgre, og fekk etter kvart rota ballen til Hans Kristian Nordvoll. Han tok ned ballen med brystkassa, og skaut ballen mellom føtene på Ørjan Håskjold Nyland med venstrefoten. Vakkert, og litt heldig til 1-0. Etter målet styrte Levanger kampen, men mot straumen kom utlikninga.

Joachim Magnussen storma fram på venstresida for Hødd, og på dødlinja la han 45 grader ut. Der kom Kazeem Ahmed stormande, og la ballen til side for keeper til 1-1. Hødd fann fram vinterspelet etter dette, men trass i fleire store sjansar stod 1-1 seg til pause.

Endeleg betring

Hødd har slite i innleiinga av sesongen, og då var det spesielt godt at spelet og det gode pasnings- og angrepsspelet endeleg sat i den andre omgangen. Den flotte avslutninga frå første omgang heldt Hødd fram med, og etter 63 minutt – og mange sjansar – kom 2-1.

Ulrik Wingsternes fekk tilbake ballen etter innkast, og la fint inn på bakarste stolpe. Der raga den relativt kortvokste Magnus Mar Ludviksson høgst, og heada ballen vakkert heilt nede ved stolperota til Hødd-leiing.

10 minutt seinare gjorde heimelaget Høddvoll enda gladare. Maggi la inn frå venstre, og på bakarste stolpe stod Bendik Torset. Han heada ballen i bakken, og i ein fin boge hoppa ballen over keeper til 3-1. Berre tre minutt seinare kom 4-1. Joachim Magnussen blei felt, dommaren dømte straffe, og Hødd sin nye straffeskyttar – Thomas Lid Kleppe – gjorde ingen feil.

To horrible linjedommarar hindra fleire Hødd-scoringar, men 4-1 er godkjent på heimebane mot Levanger.

- Midtbanen tek tak

Før pause flaug nok bannorda i strie straumar på Hødd-benken, men heldigvis vart det betring. Det var Sindre Eid letta og fornøgd med.

- Første omgang er fantastisk svan. Vi er klar over at Levanger er ganske bra, men prestasjonen vår på heimebane i første omgang er altfor dårleg, nikkar Eid.

- Men vi spelar ein steike god andre omgang, og vinn til slutt fortent 4-1. Det burde vore 3-4 mål til, men linjedommaren hindra det, seier han vidare.

Det er nivået i andre omgang han håper Hødd skal ligge på.

- Det er der lista ligg. I dag er det duellspelet som betrar seg, og midtbanen som tek tak, avsluttar Sindre Eid.