Full fart ned Pålhaugvegen på 4. etappe i Skulekampen. Dersom løparane si etappetildeling stemmer med program-oppsetet, ser vi frå v.: Andreas Ulfstein (Ulstein skule), Nils Løvoll og Edvard Arnesen (begge frå Hjørungavåg skule). Foto: Anne Gry Eilertsen

Hadarstafetten er først og fremst eit rekrutteringstiltak. I den talrike Skulekampen hadde Brandal friskule vunne tre år på rad. Men i år var Hareid skule sitt lag nr. 3 best. Bendik Engen, Andreas Rise, William Valde Bigset, Patrick Veddegjerde, Gustav Bjørlykke Kløvning og Levi Jacobs sørga for at det første nappen i den nye vandrepokalen tilfall sentrumsskulen. Tida 6.00 var den 3. beste vinnartida sidan stafetten hadde ny start i 2004.

På 2.- og 3.-plass kom Bigset 1 (6.06) og Hareid 4 (6.36).

I jentestafetten gjekk Hareid til topps og tok det første nappet i den nye vandrepokalen med tida 5.27. Same klubb vann jente-vandrepokalen til odel og eige i fjor. Tida var den 3. beste vinnartida gjennom historia. Ørsta vart nr. 2 på 5.33, medan Dimna tok 3.-plassen på 6.00.

I gutestafetten vart det suveren siger til Dimna IL, også dette var 1. napp i ein ny pokal. Tida 5.13 var 27 sekund bak Hareid IL sin løypekord frå 2008. På 2.-plass kom Ørsta på 5.38, medan Hareid vart nr. 3 på 5.43.

I Open Klasse tok Wannabees frå Ørsta sin tredje strake siger og fekk vandrepokalen til odel og eige. Tida 4.48 var 13 sekund bak laget sin løyperekord frå i fjor. Nr. 2 vart Dream Team Hareid på 5.04.

LØYPEREKORD

I Bedriftsklassa gjekk Ulstein v.g. skule til topps på tida 4.38, som var ny løyperekord med 1 sekund. Med på rekordlaget: Martin Haanes, Øystein Orten, Thor Hasund, Sindre Grønmyr Rise, Arve Haugland og Jan Lennart Urke. Hareid Elektriske hadde den gamle rekorden. Hareid Elektriske låg an til å ta sitt 3. napp i vandrepokalen, men må legge seg i trening med tanke på neste års løp. Denne gongen tok dei 3.-plassen på 5.01. På sølvplass kom Rolls-Royce Seismic med tida 4.47.

I damestafetten (lang løype) vann Dimna IL på 8.37 og tok sitt 2. napp i den nye pokalen. Tida var berre 7 sekund bak deira eigen løyperekord frå i fjor. Dimna tok dermed også sin 5. strake siger i denne klassa. Hareid kom på 2.-plass på 9.11.

I herreklassa deltok berre Hareid - og tok dermed sitt andre napp i den nye vandrepokalen med tida 7.34 (lang løype). Her er Valder sin løyperekord 7.10.

Etter stafettane var det gateløp for dei yngste.

Yr.no hadde lova at regnet ikkje skulle kome før i 16-tida laurdag, men det dukka opp tre timar før - og fekk prege alle stafettane. Men det kunne ha vore verre. Temperaturen var nemleg fin - om lag 10 varmegarder.