Det vart tippa at ei rekke unge juniorar kom til å spele seg inn på Hødd i 2007. Det ser ikkje slik ut - i skrivande stund. Dei 19 som har fått kontrakt er rutinerte karar, med få unntak. Dei fleste av Hødd sine unge talent ser ut til å mangle det vesle ekstra som kan føre dei det nødvendige steget vidare - det steget som trengs for å kunne hamle opp med ambisiøse spelarar i Ranheim og Bærum. Som så mange andre klubbar har Hødd prøvt ut svært mange spelarar denne vinteren. Vi må tru at dei uttaka som leiinga har gjort samsvarar med inntrykka som er gitt. Utveljing handlar både om å vurdere prestasjonar her og no og om å kunne sjå kva utviklingspotensiale som ligg i den enkelte. Når leiinga har gitt kontrakt til Jon Erik Ertesvåg, Steffen Oksnes Elde og Joachim Magnussen, som er dei yngste i Hødd-stallen ved sida av målvaktene Nyland og Skeide - må vi tru at desse tre, som forresten representerer kvar sine lagdelar, har eigenskapar som Hødd finn interessante - også på sikt. Det Hødd truleg har minst grunn til å bekymre seg over denne sesongen er keepersituasjonen. Kim Deinoff og nykomaren og G17-landslagsspelaren Ørjan Nyland har vist klasse i treningskampane. Vebjørn Skeide, som har landskampar på gutenivå bak seg - men også fleire 1.-div.-kampar for Hødd - må truleg spele tredjefiolin inntil vidare. Men ein betre keepertrio enn i år har Hødd knapt hatt. Gode målvakter kan vinne jamne kampar, så dette er poengpluss. Forsvarsrekka har spelarar med stor duellstyrke. Sindre Eid representerer rutinen. Vi får håpe at han ikkje blir så skaderåka som i fjor. Klock, ein spelar med entusiasme og tæl, blir truleg Eid sin makker i midtforsvaret. Jan Rune Teigen, som kanskje er Hødds beste luftvåpen, er ein naturleg back-up både som midtstoppar og møtande spiss. Ungguten Jon Erik Ertesvåg, son til midtstopparkjempa Knut Ertesvåg, er kanskje den mest spennande i forsvarsrekka. Slår han til - eller treng han tid på seg? Værnes, Stavseng og Lie kan spele over alt i forsvaret - og Edinsen kan vere både eit backaternativ og eit flankeval. Hødd synest sterke i forsvar, men speidar kanskje etter ein lynrasking som kan skjere av og plukke ballen når det blir kontra og står om ti-delar. Med Sture Fladmark sine ord i mente - at Hødd skal vere eit angripande lag - må vi vente at han har tankar om å ruste opp Hødd sine sidebackar. Vi bør få sjå litt fleire offensive sideback-raid enn tilfellet har vore dei siste åra. Hødd sin midtbane er den krative kverna som sprutar ballar til sidene og rett fram. Her trengs det folk som kan både bryte og duellere, samtidig som dei kan få i gang medspelarane. Nevstad og Sandal er naturlege i dei midtre rollene. Nykomaren Vegard Holand kan også bli spennande her. Oksnes Elde kan understreke Hødd si duellkaft på midten. Og blir ikkje Edinsen back, endar han kanskje på flanken? På papiret har Hødd berre fire spelarar som vi litt omtrentleg kan kalle typiske spissar. Det er Oddmund Vaagsholm, Eirik Hoseth, Joachim Magnussen og Anders Vaagen. I tillegg veit vi at også Teigen og Stavseng kan spele framme - ikkje minst i target-roller (oppspelpunkt). Det kviler både forventning og revansjelyst over Hødd sin offensive lagdel i år. Forventninga ligg vel først og fremst til fosnavågaren Joachim Magnussen, som mange trur og håper vil slå til med mange mål. Fjorårstrenar Stig Monsen vart tidleg klar over Joachim sitt potensiale - forresten til mange si overrasking. Joachim fekk prøve seg mot Adeccoliga-backar alt tidleg på året, men fekk ein skade og kom ikkje for fullt igjen før mot slutten av sesongen. Ein vinter under Sture Fladmark bør ha heva Joachim, som har ei fart han er flink til å kamuflere og eit godt skot. Oddmund Vaagsholm kan vi også vente oss meir av enn i fjor. Han har veldig lyst til å revansjere seg - og leiinga i Hødd har nok forstått at han vil kunne heve seg. Det same gjeld Eirik Hoseth, som starta fjoråret med å skore Hødd sitt mål i 1-1 kampen borte mot Strømsgodset i 1. serierunde. Så braut han kinnbeinet og vart borte - kom tilbake med maske, men reserverte seg. Eirik har vore ute av bildet i vinter, men er tilbake for fullt. Anders Vaagen er dark horse i Hødd-mannskapet. Også han har plundra med skade, men har tempo og teknikk i massevis. Ved ei samordning av talenta - og ein større taktisk rutine - kan alt skje. Leiv Arne Grimstad