Det gode 3.-divisjonslaget Stryn hadde fortent eit meir flatterande resultat. Hødd var på si side svært effektive. Dessutan mangla laget 6-7 hyperaktuelle spelarar til førsteelvaren, mellom desse midtstopparparet Klock/Eid. Hødd tok leiinga 1-0 etter berre 5 minutts spel ved Mads André Værnes, som kombinerte fikst med Eivind Michael Myklebust og Oddmund Vaagsholm. I det 30. minutt fekk Hødd frispark etter ei felling av Erik Sandal. Frisparket vart slått raskt til Joachim Magnussen, som fyrte av frå skrått hald. 2-0. Den same Magnussen la på til 3-0 på overtid i 1. omgang (46. minutt). Etter å ha løpt forbi heile Stryn-forsvaret på tvers, sende han ballen vakkert i motsett hjørne. I det 48. minutt leverte Erik Sandal ein "Diego Maradona-dribleserie" og sette inn 4-0-målet åleine med keeper. 5-0 kom på frispark ved Oddmund Vaagsholm, som slo ballen lurt i næraste hjørne. Men keeper burde ha avverga. Kampen var relativt jamn sjansemessig. I tillegg til dei fem måla hadde Jan Rune Teigen ein febersjanse etter cornerinnlegg frå Sandal. Hødd burde også hatt straffespark etter ei felling av Eirik Hoseth i 1. omgang. Hødds to suverene målvakter Kim Deinoff og Ørjan Håskjold Nyland har mykje av æra for at Hødd heldt målet reint. Av Hødd sine utespelarar var Erik Sandal einaren. Han ser ut til å gå mot ein god sesong. Hødd er inne i ein hard treningsperiode - noko som forklarer at ein del spelarar virkar tunge. Men Hødd skal likevel ha for at dei var flinke til å kome fort i angrep når dei erobra ballen. KAMPFAKTA Vinterserien, Høddvoll Hødd-Stryn 5-0 (3-0) 1-0 Værnes (5), 2-0 Magnussen (30), 3-0 Magnussen (46), 4-0 Sandal (48), 5-0 Vaagsholm (78). HØDD: Kim Deinoff, Mads Værnes, Jan Rune Teigen, Jon Erik Ertesvåg, Finn Erik Stavseng, Erik Sandal, Kjartan Paulsen, Joachim Magnussen, Eirik Hoseth, Oddmund Vaagsholm, Eivind Michael Myklebust. Innbytte: Patrick Undli i 45 min. for Hoseth - Ørjan Håskjold Nyland i 30 min. for Deinoff - Lasse Leirstad i 22 min. for Stavseng - Steffen Oksnes Elde i 22 min. for Sandal - Vegard Heltne i 15 min. for Magnussen - Simen Rasmussen i 10 min. for Myklebust.