Turneringa gjekk med puljespel både i Hareidhallen og Ulsteinhallen - og med sluttspel i Ulsteinhallen. Idrettslinja ved UVS var arrangørar. Lag frå Ulstein, Volda, Spjelkavik, Ålesund, Tingvoll, Molde, Fræna, Sunndal, Kristiansund, Atlanten (Kr.-sund) og Fagerlia deltok. I jentene sine semifinalar vann Ulstein 8-3 over Fræna medan Volda slo Molde 5-4. I gutesemien tok Volda skalpen til Kristiansund med 8-6, medan Ulstein tukta Atlanten 6-5. Det var dermed klart for to reine søre Sunnmøre-finalar mellom Ulstein og Volda.

Fortent Volda-siger

I jenteklassa tok Ulstein leiinga 1-0. Midtvegs i kampen stod det 4-4 - og lite var sikkert sjølv om Volda såg ut til å vere eit hakk kvassare. Vo9lda tok ut den tekniske og lagmessige kapasiteten i sluttminutta og vann klart med 8-5. Toppskårar i finalen vart Voldas Trine Bakke med fire mål, av desse eitt på straffekast. Lagveninne Magnhild Håskjold skåra tre, medan Ellen Holm Roppen vatr toppskårar for Ulstein med tre mål.

Dramatisk og underhaldande

Gutefinalen vart langt meir dramatisk - og ikkje minst underhaldande. Volda har vunne fylkesmeisterskapen i i denne klassa fem år på rad - og slo også Ulstein i puljespelet tidlegare på dag. Men i finalen skulle ting gå annleis - ikkje minst takka vere strålande keeperspel av Ulsteins Adrian Hagerup og ei neste prikkfri frimerkeklebing på Volda sin storskyttar Bendik Bjerke, som spelar 2.-divisjonshandball for Ørsta. Voldingane tok rett nok leiinga, men laga følgde kvarandre gjennom heile kampen. Då Espen Nordstrand gav Ulstein 6-5 like før slutt trudde nok både han og mange andre at det var sigersmålet. Men Volda stod på for fullt og utlikna. Dermed var det klart for fem minutts ekstraomgang. Her plundra laga med å sikte inn skota sine - og dermed vart Robert Smørholm si skåring den einaste, slik at Ulsten vann kampen 7-6. Toppskårar i gutefinalen vart matchvinnar Robert Smørholm, Ulstein - med tre mål. Voldas Sondre Skår skåra to mål, begge på straffe.

Aldri hatt betre gutetropp

Volda var favorittar i begge finalane. Men lærar Olav Lie Gundersen ved Ulstein v. s. fekk stadfesta at han aldri har hatt eit så bra gutegruppe før: - Dei har spelt seg saman gjennom heile turneringa og avslutta strålande, slo han fast etter at jubelen hadde lagt seg. Det ventar dermed ein tur til landsfinale for både Volda-jentene og Ulstein-gutane utpå våren.

UVS-gutane vann fylkesmeisterskapen.