Løpet blir relansert under mottoet "Eit løp for alle og kvar og ein”.

Og ikkje nok med det: Initiativtakarane Henrik Angermund frå Bergen og Mathias Lillestøl frå Ålesund, som begge studerer ved høgskulen i bygda, vil arrangere tilsaman fem laurdagsløp - ein gong i månaden frå januar til mai.

– Vi har sett at dei arrangerer liknande løp andre stader i nærleiken, og vi har mellom anna vore på Hareid og delteke der. Tanken no er å starte opp i Volda også. Planen er å arrangere ein vårkarusell, der det vert halde Rotevatnet rundt-løp fem gongar, ein gong i månaden, fram til mai, fortel Angermund til Møre

Turen rundt Rotevatnet er på sju kilometer - litt kortare enn Grimstadvatnet Rundt.

Agermund og Lillestøl var nyleg med på å skipe "Volda i vinden Idrettslag". Det er "Volda i vinden" saman med VTI som står som arrangør av løpet.

Rotevatnet rundt skal vere eit løp for alle. Den som vil springe på tid får høve til det, medan dei som vil gå, kan gjere det.