På tavla bak ser ein resultatet i kampen mot Volda; 1-2. Dette gjorde at Hødd tok KM-gull, to poeng framfor AaFK. Framme f.v.: Alexander Nevstad, Markus Hjorthaug, Robin Hjelmeseth, Martinus Røyset Bakken, Øyvind Hagen, Lars Mork, Martin Longva, Bjørn Vikanes, Martin Haanes, Daniel Jøsok Kvalsvik, Anders Gaustad, Espen Standal og Kenneth Moldskred (hovudtrenar). Bak f.v.: Ola Kalvø Vattøy, Ole Andre Ringstad, Christian Mork, Eirik Heltne, Jan Lennart Urke, Henrik Hansen, Kristoffer Sætrenes, Havtor Hofseth Skeide, Henrik Grimstad. Ikkje til stades: Robin Olsen, Lars Andreas Folkestad, Sivert Heltne Nilsen, Alexander Jackson Indreflø og Markus Kristiansen. Foto: Hans-Olav Rise

Det vart til slutt KM-gull for Hødd junior, men Volda gjorde det langt frå enkelt. AaFK vann sin kamp over Bergsøy, og då var kun siger godt nok. Men det var Volda som scora første målet, mot spelet sin gong. Etter 10 minutt vart Jan Petter Mork spelt gjennom, og banka inn 1-0 til Volda.

Grøntrøyene gav alt, og med god defensiv organisering slapp dei Hødd særs sjeldan til. Men litt uflaks hadde også Hødd i den første omgangen, spesielt då eit nydeleg skot frå Martin Haanes small i tverrliggaren etter 41 minutt.

- Vi slapp dei til litt i starten, og gjer det kanskje litt unødvendig spennande. Men eg meiner vi har brukbar kontroll, kommenterte Martin Haanes etter kampen.

For i andre omgang styrte Hødd alt. Dei gjekk ut i hundre, og målet låg i lufta. Det kom etter 58 minutt. Daniel Jøsok Kvalsvik kjempa ballen gjennom midtforsvaret til Volda, og der var Espen Standal på rett plass. Han sette ballen under Sander Håskjold Nyland i Volda-målet, og 1-1 var eit faktum.

Hødd heldt oppe presset, og etter 66 minutt fekk blåtrøyene straffe. Eirik Heltne skaut ei uvanleg usikker straffe, men den gjekk i mål - så vidt det var. Volda kom litt meir inn i kampen dei siste 20 minutta av andre omgang, men det holdt med to scoringar for Hødd.

Fortent 2-1-siger, noko som gjorde at Hødd vart kretsmeister.

- Eg er veldig nøgd. Det er alltid deilig å bli kretsmester, nikka Haanes - som har 3 KM-gull på 4 år.

Les meir om Hødd-juniorane i papiravisa torsdag.