Hareid slo Hødd 4-2 i kvartfinalen. Målscorarar var Kristoffer Hasfjord (3) og Martin Breivik. Lagleiar for gutane er Wenche Jøsok, trenar Magne Krumsvik.

Hareid G14 er klare for finale 5-1 over Tingvoll 2. I kvartfinalen slo dei Hødd 4-2. Då var målscorarar for Hareid Kristoffer Hasfjord (3) og Martin Breivik.

Hødd G13 spelar semifinale klokka 15:09 mot Dahle United. I kvartfinalen vann Høddarane 4-2 over Blindheim.

Hødd sitt G14-lag er etter tap for Hareid ute av turneringa. Hødd J14 spelte tidleg i dag 8.delsfinale mot Velledalen og Ringen, der vann dei 2-1, men i den påfølgjande kvartfinalen mot CFK vart det tap 8-0.

Også Hasundgot sitt J14 er ute av turneringa. Dei tapte 2-1 for Bud i kvartfinalen.

Følg turneringa på Dahlecup sine resultatnettsider.

Har du bilete eller målscorarinfo frå turneringa? Send inn på e-post til redaksjon@vikebladet.no eller mms til 90 78 68 23.

Gårsdagens resultat

Hødd stiller lag i G12(1998), G13(1997) og G14(1996). I jenteklassa stiller J14 (1996) som einaste lag.

For 12-åringane har dei to laga spelt ein kamp kvar. Hødd 2 vann 4-3 over rival, medan Hødd 1 spelte uavgjort mot KFK City.

G13 har spelt ein kamp og gjekk diverre på eit tap, 4-5 mot Herd 1.

I klasse G14 har Hødd teke seg vidare til sluttspelet etter 10-1 over Reinsfjell, 5-0 over Ekko/Aureosen samt eit 2-4-tap for CFK 1. I morgon vert det kvartfinale mot Hareid.

Sigrande jenter

J14-laget til Hødd har vunne tre av fire kampar. Høvesvis 9-0 over Straumsnes, 3-1 over Ekko/Aureosen og 6-0 over Frei 1. Mot Hasundgot sa det derimot stopp og dei to laga delte poenga etter 1-1.

Hareid ubesigra

Hareid stiller sitt einaste lag i G14-klassa. Her har dei vunne alle sinde kampar. 3-2 over Sverresborg 2, 9-2 over Astor 2, 6-2 over Frei og 9-2 over Dahle.

Hasundgot og Haddal i åttandedelsfinale

Hasundgot er også representerte i Dahle Cup. Dei stiller lag i J14-klassa og er klare for åttandedelsfinale i morgon etter to sigrar, eitt tap og ein uavgjort.

Haddal har også tradisjonar for å stille lag i Dahle Cup. I morgon spelar 11-åringane sine første kampar. G13-laget er ute av turneringa etter fire strake tap. Haddal J14 er derimot med vidare. Dei vann 4-0 over Nordlandet og 2-0 over Astor. Mot CFK vart det stortap 10-0, men jentene skal uansett spele 8.delsfinale mot KvassUlvungen tidleg i morgon.

Har du bilete eller målscorarinfo frå turneringa? Send inn på e-post til redaksjon@vikebladet.no eller mms til 90 78 68 23.

Hødd sitt G14-lag, fødde i 1996 kom seg til sluttspelet, men måtte sjå seg slått av Hareid.