I høve sist sending av #VVFOTBALL fekk sjåarane i oppgåve å tippe kven Vikebladet Vestposten-journalistane hadde funne fram eit bilete av.

Av dei 20 som sendte inn forslag hadde 11 rett svar. Og det rette svaret var årets Hødd-trenar Sindre Eid.

Biletet av Eid vart etter det vi erfarer tatt midt på 90-talet.

Vinnaren av konkurransen vart trekt i dag. Og den heldige vart Tore Øvrebø frå Ulsteinvik. Han vinn ein flott fotball signert Hødd sitt cupfinalelag frå 2012.

Andre forslag som ikkje var korrekte var mellom anna Jan-Åge Fjørtoft og Kjetil Rekdal.

Rett trekning: Jorulf Myrene.