I sitt første internasjonale seniormeisterskap imponerte Karsten Warholm alle då han smadra sin eigen norske rekord på 400 meter hekk i semfinalen. Då tok han seg også til finale med nest-beste tid av alle i semifinalane, og han sprang også inn til ei tid godt under OL-kravet.

Men før Warholm kan byrje å tenkje på Rio de Janeiro er det finalen på 400 meter hekk som har prioritet.

Les også: Kan Karsten overbevise også i finalen?

Stortalentet er framleis ganske uerfaren på distansen, og spørsmålet på førehand var om Karsten kunne klare å gjenskape prestasjonane frå semifinalen.

Det såg også lenge ut til at svaret skulle vere ja frå Warholm, som starta veldig lovande på dei første 200 meterane. Det var tyngre forhold på stadion i finalen og spesielt dei siste 100 meterane fekk Warholm det tungt. Då var det fleire løparar som kom seg forbi og med ei for dårleg passering av den siste hekken vart det til slutt ein 6.-plass i EM-finalen.

Gjekk for gull

Førehandsfavoritten Escobar frå Tyrkia vann finalen med 48,98. Karsten Warholm si tid vart 49,82 i finalen.

- Det er mykje læring i dette og det har vore nyttige erfaringar å ta med seg vidare for Karsten, meiner ekspertkommentator Vebjørn Rodal.

Før EM var det dette løpet som skulle vere sommarens høgdepunkt for Warholm, men det spørs om ikkje deltaking under OL i Rio de Janeiro kan verte ei like stor oppleving for Warholm.

- Etter løpet i går sette vi oss ned og bestemte oss for å gå for gull eller ingenting. Eg smiler av dette. Eg stivna på slutten, men eg trur eg sette støkken i dei fleste, seier Warholm til NRK.

Mot slutten blei det mange feil, men Warholm seier han er stolt over prestasjonane han har levert i EM.

- Det var kult å sjå i går at eg er der. Med litt meir rutine så er det kanskje eg som er først over streken, seier Warholm.

Les også: OL-klar etter superløp