- Det er utrulig bra, ein kanon innsats av heile laget. No er vi spente på i morgon, der eg trur vi skal møte Førde i finalen, seier trenaren til Hareid G15/16, Rune Holstad, på telefon frå Ekebergsletta.

Hareid G15/16 har vunne alle kampane sine i turneringa og møtte til slutt Bergsøy IL i lokaloppgjer i semifinalen i A-sluttspelet for gutar 15/16 år på 7-ar bane.

Laget frå Hareid gjekk raskt i leiiinga etter scoring av August Brandal. Ikkje lenge etter la same karen på til både 2 og 3-0. Hareid skulle gå heilt opp i 4-0, med scoring av Christian Korshaug, før reduseringane byrja å kome. Bergsøy IL klarte aldri å utlikne, og med det tok Hareidsgutane til slutt ein solid siger på 4-2.

No ventar Førde IL i finalen i A-sluttspelet i morgon kl 11.30.

- Førde spelte sin semifinale på nabobana medan vi spelte vår mot Bergsøy IL. Vi veit ikkje noko om dei, det einaste eg har høyrt er at det er eit fysisk lag. Men det er vi òg. Vi har eit godt og variert lag med fleire ferdigheiter. Så vi må berre gjere det vi har gjort tidlegare og køyre på, seier trenar Holstad og legg til:

- Det byrjar sjølvsagt å røyne på kreftene og nokre er skada. Men no gir vi alt i siste kampen, uansett om vi må hinke på bana. Dette blir spennande, avsluttar han.

Alle finalane i Norway Cup vert sendt på TV. Kampen mellom Hareid G15/16 og Førde IL vert sendt på TV2 Sportskanalen frå kl 11.20.