– Vi får ikkje det heilt til i byrjinga i dag, men utover i andre omgang held vi oss litt meir til kamplanen og lukkast litt betre. Vi skapar ikkje eit hav av sjansar, men utnyttar dei vi får godt slik at vi kan hale i land ein 2–0 siger, sa Urke om laginnsatsen etter kampen.

Både laget og keeper Urke var fleire hakk betre enn i kampen borte mot Mjøndalen. Urke hadde fleire gode og viktige redningar på stillinga 0–0.

– Enkelte dagar klaffar det og andre ikkje, borte mot Mjøndalen er vi halvmeteren for sein i kvar duell og er både uheldige og udyktige. I dag er vi solide bak og slepp til berre nokre få sjansar

Og dei sjansane de slepp til dei reddar du?

– Det vart slik i dag, avslutta Urke nøgd.

Les også: Shroot slo tilbake

Seks poeng på tre kampar

Steinar Lein var godt nøgd med at Hødd tok alle tre poenga på Høddvoll, trass i ein lite underhaldande og relativt sjansefattig kamp.

– Det går litt i sirup i byrjinga, det er kanskje eit resultat av litt høge skuldrer og mangel på energi etter kampen på torsdag, men vi spelar oss opp og får stramma inn bakover i andre omgangen. Det fører til at vi får fleire brot og produserer fleire sjansar, som til slutt resulterer i to mål, sa hovudtrenaren etter kampen.

Noko snakk om den dystre bortestatistikken ville han ikkje ha, men la til at målet for neste helg er å hente heim anten eit eller tre poeng.

– Det blir ikkje enkelt, men vi må gjere det vi kan for å hente poeng i hovudstaden, sa Lein.

Trenaren var bekymra for Fredrik Sjølstad og Hugues Wembangomo, som begge måtte ut med skader.

– Sjølstad ser ut til å ha fått seg ein strekk medan Wembangomo har slite med ein vond hæl ei stund. Heldigvis gjer alle innbytarane gode innhopp, med blant anna målgjevande frå Beite og to scoringar av Shroot, avslutta Lein

Steinar Lein, her samn med Bendik Torset, har fått ein bra start heime på nye Høddvoll, med to strake sigrar. Til helga blir utfordringa å hente poeng på bortebane. Foto: Per Werkland.