Den 17 år gamle Hødd-spelaren har blitt kalla inn til aldersbestemte landslag tidlegare, men har då meldt forfall. Derfor får etter alt å døme "Aurs" sin landslagsdebut mot Irland tysdag eller torsdag.
Begge treningskampane blir spelt i Irland.
Sidan Fredrik Aursnes spelte heile Hødd-kampen mot HamKam søndag er det kanskje mest sannsynleg at han får meir speletid torsdag enn tysdag. Trenarane har sagt dei skal rullere ein del på laget.