Som seg hør og bør når det nærmar seg cupfinalen vil alle gjerne starte, og det gjer at det fort kan koke litt på trening innimellom. Høgrekant Pål André Helland kallar situasjon eit slags kulturkrasj.

- Det er veldig seint i sesongen, så vi er litt leia av tryna til kvarandre. I grunnen er det ein merkeleg kombinasjon av kjensler i gruppa no. Nokre er trygge på at dei startar finalen, medan andre er usikre og vil vise seg fram. Og då er det lett for å bli gnissingar mellom dei som er trygge på plassane sine, og som då ikkje vil bli skadde, med dei som skal vise seg fram og gir alt. Det er ein spesiell situasjon, eit slags kulturkrasj. Men eg får seie som Nils Arne (Eggen, tidlegare Rosenborg-trenar). Det er lov å vere sint, men berre i tre sekund i slengen, smiler Helland.

Sjølv la han inn fleire eigentreningar sist veke, medan han denne veka tek det litt rolegare for å samle overskot. Helland er ein av dei i Hødd-stallen som alltid startar når han er skade- og karantenefri. Det same gjeld Kjell Rune Sellin. I likskap med Fredrik Klock har han vunne cupen tidlegare.

- Har du ein annan inngang til finalen sidan du har vore med på dette tidlegare, Kjell Rune?

- Eg veit ikkje kva andre tenker, men ting går ikkje sjå lett inn på meg. Men stemninga er litt spent. Spelarane trykker til på trening. Vi føler at det nærmar seg. Det er litt trykka stemning. "Guttan" vil vise seg fram. Men vi gler jo oss også veldig til finalen, seier Hødd-spissen.

PS. Hødd si siste trening før cupfinalen går i Lillestrøm-hallen laurdag føremiddag. Vikebladet.no er på plass og gir deg alt det siste før årets store høgdepunkt.

Les også:

* Med TIL-back som førebilete

* Klock gir seg

* Trønderar som skal senke nordlendingar Aursnes er sjukSkal stoppe toppscorarenTidenes satsing av Vikebladet VestpostenScheie er klarBilete av Hødd-spelarane før i tidaMå gjere som MarionLadar opp heimeMannen for dei store kampane