Alt tidleg på ettermiddag laurdag var skjerfelageret tomt.
- Vi hadde med oss 3.500 skjerf – eit antal vi hadde dimensjonert etter å ha undersøkt kor mange skjerf AaFK hadde selt før sine cupfinalar.
- Vi kunne ha selt atskillleg fleire, seier Harald Aasland Riise, men legg til at det at dei gjekk så tidleg lens for skjerf nok førte til at dei fekk selt ein god del meir av dei andre supportereffektane – slike som huer, hanskar o.s.v.
I alle fall var Hødd strålande fornøgde med salet, som fort viste att i bybildet.