- Tre nye poeng, Lars Arne Nilsen. Kva skal vi seie om det?

- Nei, det er veldig godt å vinne på ein slik dag. Vi er ikkje nøgde med det offensive spelet vårt, men vi slepp inn ganske lite mål for tida. Det er vel femte kampen vi held nullen og det er vi fornøgde med. Det stemmer dessverre ikkje heilt framover, men vi får ikkje trent heller. Vi spelar to kampar i veka og då blir det stort sett restitusjon og kamoførebuane økter. Det er viktig å vinne, men måten vi vinn på er også viktig.

Viktig å gjere jobben

- De held nullen nok ein gong. Er det den defensive tryggleiken som sikrar poenga?

- Vi er i starten av sesong enno, og då er det viktig å gjere jobben i form av å springe og krige. Så håpar eg vi får litt meir flyt i det offensive etter kvart.

Slitne gutar

- Korleis er beina i Hødd-laget i dag?

- I dag såg det litt tungt ut, tykkjer eg. Vi har spelt to kampar i veka så lenge eg kan hugse, så det er klart det byrjar å bli slitne gutar. Men så lenge ein vinn så går det greitt, men det skal bli godt med ei veke mellom kampane snart.

Må opp nokre hakk

- Ny tøff kamp onsdag (mot Molde). Kva tankar har du om den kampen?

- Vi har ikkje tenkt så mykje på den. Det er jo berre tre dagar til, men spelar vi slik vi gjorde i dag så blir det vanskeleg. Vi må nok opp nokre hakk om vi skal ha ein sjanse. Den kampen får kome når den kjem.

- Bør knuse oss

- Er det realistisk å snakke om avansement?

- Molde er på ein annan planet enn oss. Dei har dobbelt sett med spelarar og har eit budsjett som vi ikkje er i nærleiken av. Molde bør knuse oss enkelt, men vi har overraska før og vi har tenkt å gjere eit skikkeleg forsøk.