Hareid fekk ein draumestart på Høddvoll, og allereie etter fem minutt kom 1-0. Per Ståle Nykrem vart felt, og Kim-Tore Husøy sette straffa sikkert i mål. Hødd hadde gjennom heile kampen ballen klart mest, men sleit enormt med å kome til sjansar mot eit Hareid som la seg litt bakpå etter 1-0. Hødd 2 hadde nokre småsjansar, men det vart ikkje scoring. I andre omgang heldt kampen fram på same vis. Hareid skuffa vekk, medan Hødd 2 pressa på og kom til mange innlegg. Det måtte straffe til før det vart utlikning. Sivert Heltne Nilsen skaut frå like utanfor sekstenmeteren og mot mål. Der stod Kim-Tore Husøy og fista ballen over målet. Dommaren dømde straffe og Kim-Tore Husøy vart sendt i garderoben. Heltne Nilsen ekspederte straffen, medan Kim-Tore Husøy gjekk slukøra i garderoben. - Eg tenkte ikkje. Hadde eg ikkje gjort det, hadde det blitt poeng i dag, sa ein skuffa Kimmen. Med berre ti mann vart Hareid veldig slitne og ti minutt før slutt kom 2-1. Tomas Aure, som hadde kome inn, la fint inn til Bendik Torset som heada i mål. Like etter var Aure nok ein gong på farta, og la inn. Ballen enda hos Christian Mork som knuste ballen i nettet. - Vi sleit med å finne rytmen i første omgang, men andre omgang er bra og gutane presterer godt, kommenterte Hødd-trenar Kenneth Moldskred etter kampen.

Kampfakta

3. divisjon menn Sunnmøre Hødd 2 - Hareid 3-1 (0-1) Scoringar: 1-0 Kim Tore Husøy (5), 1-1 Sivert Heltne Nilsen (64), 2-1 Bendik Torset (80), 3-1 Christian Mork (83). Laga: Hødd 2 (4-3-3): Ørjan Håskjold Nyland - Sivert Heltne Nilsen, Jørund Widnes Johansen, Anders Gaustad, Ruben Kenneth Brandal - Kjetil Paulsen, Bendik Torset, Eirik Heltne - Christian Mork, Audun Scheide, Andreas Sørgård Olsen. Innbyttarar: Torgeir Skeide, Robin Hjelmeseth, Jan Lennart Urke, Tomas Aure, Bjørn Vikanes, Preben Sætre, Martin Haanes. Hareid (4-4-2): Vagn Scheide Mork – Joachim Moldskred, Torgeir Rusten, André Nupen, Steffen Uldbæk – Per Ståle Nykrem, Marius Gunnarstein, Kim-Tore Husøy, Robin Jackson Indreflø – Eiliv-Tore Howlid, Robert Ulfstein. Innbyttarar: Benjamin Slettebakk, Åge Møgster, Joachim Røyset, Steffen Guillaume Lilleås, Andreas Kurseth, Håkon Lonbakken. Heider: Sivert Heltne Nilsen, Hødd 2 - ** Ruben Kenneth Brandal, Hødd - 2 * André Nupen, Hareid - * Jørund Widnes Johanes, Hødd - *