Den norske klubbfotballen ser ut til å vere på veg inn i ei tid med endring, og det har vore snakka mykje om både spissing av Tippeligaen, om å snu sesongen og om innføring av sluttspel. André Nevstad er i tillegg til å vere dagleg leiar og sportssjef i Hødd med som styremedlem i Norsk toppfotball.

– Klubbane skal vere godt orienterte. Det har vore ein prosess både i Tippeligaen og Obos-ligaen. Seriekomiteen har hatt møte med alle klubbar i Tippeligaen og workshops med Obos-ligaklubbane i forhold til jobben komiteen har gjort. Dei har gitt ei innstilling til forbundsstyret som har sendt ut ei høyring til krinsane og Fotballnorge generelt. Det er eit arbeid som ikkje berre omhandlar Tippeligaen og 1.-divisjon, men som også handlar om heile spekteret, seier Nevstad.

Viktig å vere på bana

Han fortel at det har vore ein omfattande prosess i 2014, der mellom anna Hypercube var inne i biletet. Då skjedde ingenting endeleg, men Nevstad seier at noko ein har teke med seg vidare er tanken om ei pyramideorganisering av dei øvste divisjonane i norsk fotball.

– No ber seriekomiteen klubbane om å kome med sine synspunkt på det som har blitt lagt fram. Eg trur det er viktig at klubbane i Obos-ligaen er på bana når diskusjonen er oppe. Det har vore ei felles oppfatning i divisjonen om at det er for mange nedrykkslag frå Obos-ligaen, seier Nevstad. Seriekomiteen har lagt til grunn ein del faktorar, og Nevstad seier at det mellom anna går på talet på lag på dei ulike wnivåa, reisebelastning og økonomi, samt sesonglengde.

– Eg oppfattar det slik at seriekomiteen har kome med eit forslag om 14 lag i Tippeligaen, der alle møtest to gongar før serien blir delt og ein har ei vidareføring, som eit slags sluttspel, men der ein tek med poenga inn.

Nevstad seier også at det i forslaget er lagt opp til å halde fram med 16 lag på nivå to.

– Vi har vore veldig klare på at ein held talet på 16 i Obos-ligaen, slik at ein ikkje gjer noko med talet på kampar.

Mindre reising

I tillegg er det foreslått to regionalligaer i 1.-divisjon, det vil seie ein «ny» divisjon under nivå to med to avdelingar, medan det blir seks avdelingar i den nye 2.-divisjon (nivå 4).

– Då vil det bli mindre reisebelastning i den lokale tredjedivisjonen (nivå 5), trur Nevstad. Han seier at ein då vil få to spissa avdelingar på nivået under Obos-ligaen, medan ein i tillegg får seks 2.-divisjonsavdelingar som også blir administrerte på same nivået.

– Det som er vårt utgangspunkt er at vi synest strukturen som er lagt fram er bra. Den trur eg også det er bra oppslutning om elles i Fotballnorge. Det har vore ein skepsis frå klubbar i Tippeligaen om å gå frå 16 til 14 lag og det er nok ei overvekt som meiner ein bør halde fram med 16 lag og som er skeptiske til løysinga med sluttspel, seier Nevstad.

DivisjonAvdelingarLag
Tippeligaen116
1.-divisjon116
2.-divisjon nivå 1232
2.-divisjon nivå 2684
3.-divisjon18252

Pyramide først

Han seier at Hødd meiner det kan vere eit fornuftig steg å først implementere pyramidestrukturen, så sant det er stor einigheit om dette.

– Då bør vi få til ei endring der det er oppslutning for det. Vi meiner også at det er viktig og vil styrke Obos-ligaen sitt utviklingspotensiale om færre lag rykker ned. Det er spennande med all dramatikken ein har, men det er ein fare for at det hindrar utvikling, at det blir for lett å vere for resultatfokuserte. Det er stor utskifting i Obos-ligaen og då blir det skapt ein stor ustabilitet. Det kan vere sjarmerande, men også veldig brutalt når så mange er involverte i nedrykksstrid.

Derfor trur Nevstad pyramidestrukturen, der to lag rykker rett ned frå Obos-ligaen vil vere ei god ordning, men han seier også at ein ønskjer ei kvalifisering for laga som kjem på andreplass på nivå 3. Desse spelar då først mot kvarandre, for deretter å spele om opprykk mot laget som kom tredje sist i Obos-ligaen. Til å byrje med meiner han at ein bør sjå vekk frå reduksjon i talet på lag i Tippeligaen.

– Norge er eit langstrakt land og det er viktig at vi ikkje får for få toppklubbar. Eg trur ikkje dei beste klubbane blir dårlegare av å spele mot lag nokre litt mindre klubbar. Ein ser også etter omlegginga i 2009 at fleire har fått kome inn og spele toppfotball på tidlege tidspunkt. Vi har ein god generasjon på gang og ser mellom anna at Molde gjer det bra i Europa.

Derfor meiner Nevstad at noko av argumenta for å kutte lag frå Tippeligaen for å betre nivået har falle vekk den siste tida.

Per i dag er det ikkje klart når eventuelle endringar i seriesystemet vil kunne tre i kraft, og Nevstad seier at sjølve innføringa av eit nytt seriesystem, om det skjer gradvis eller meir direkte er noko ein ikkje har fått noko klart svar på endå.

– Det første ein må finne ut er om forbundet vel å ta det opp som ei sak, så no håpar eg klubbane er på og set seg inn i dette og engasjerer seg, for forslaget med pyramide er bra, så får ein heller diskutere tal på lag på eit seinare tidspunkt, meiner Nevstad.