Oppgjeret mellom Hareid og Blindheim vart som venta jamt, spennande og ikkje minst underhaldande. Joachim Røyset sende Hareid i leiinga etter 23 minutt før Fredrik Giske utlikna for Blindheim då 28 minutt hadde gått. Same mann sende Blindheim i leiinga 25 sekund på overtid. Etter pausen tok Hareid over. Først utlikna Marius Rise for Hareid, før Ørjan Engen Grimstad sende Hareid i leiinga igjen. Innbytar Tom Erik Olsbø scora dagens siste mål og utlikna for kvittrøyene dryge eit kvarter før slutt.
Baklengs på overtid
Begge laga sette godt press på kvarandre det første kvarteret. Dagens første sjanse kom til Blindheim då Harald Vegsund skaut utanfor frå 18 meter. 12 minutt var spelt då Hareid fekk dobbelcorner – utan å få utteljing. Vegsund fekk avslutte etter ei 45-graderspasning, men avslutninga var ikkje god nok denne gongen heller. I staden for scora Hareid. Joar Møller la inn frå venstre, Eiliv-Tore Howlid heada bakover til Joachim Røyset som scora sikkert frå skrått og kort hald: 1-0. Ca. to minutt seinare var Hareid farleg frampå igjen. Ola Kalvø Vattøy la inn til Howlid, som heada like utanfor. Etter 37 minutt la Røyset inn frå høgre. Hiwa Alipoor heada rett på keeperen frå femmeteren. Minuttet etter fekk ikkje Hareid klarert, og Fredrik Giske utlikna til 1-1. Tre minutt seinare kunne Alipoor ha scora eit fint mål. Etter litt fram og tilbake i feltet fekk Alipoor ballen i knehøgde. Skotet med rista gjekk til corner via keeperen og tverrleggjarar. Ca. 20 sekund på overtid scora Fredrik Giske då han stod umarkert i feltet: 1-2. Dermed gjekk laga til garderoben på stillinga 1-2.
Merkeleg annullering
Etter pausen var det einvegskøyring i ein halv time. Tre minutt etter kvilen fekk to hjørnespark på appen. Etter den andre frå Vattøy stod Rise på bakarste stolpe og scora kontant og sikkert frå kort hald. Så kom kanskje dagens høgdepunkt. Distansen kan diskuterast men ikkje målet. Ørjan Engen Grimstad sette frisparket i mål med eit knallhardt skot. Tilskodarane på vestsida meinte alt frå 30 til 40 meter. Vi trur distansen var mellom 30 og 35. Raudtrøyene kunne fortsette med showet, men verken Ola Kalvø Vattøy (65) eller Georg Eikrem Olsen (72) klarte å score då dei kom åleine med keeper. Minuttet etter Olsen bomma utlikna Blindheim. Innbytar Simen Fjørtoft kom på høgresida og la 45 gradar ut til ein annan innbytar Tom Erik Olsbø, som fann nettmaskene frå kort hald. Kaptein Grimstad scora ein gong til på frispark, frå midtbanen (!), då det var åtte minutt igjen av kampen. Men målet blei på uforståeleg vis annullert for angrep på keeper. Sjølv frå distanse såg vi at dette var ein keepertabbe, og ikkje noko anna. Fleire mål blei det ikkje før dommar Tove Marie Tandstad blåste av kampen.
Etter kampen innrømte dommar Tandstad at annulleringa for Grimstad sitt mål kanskje ikkje var korrekt. Ikkje kjekt for heimelaget, men la gå.
- Burde ha vunne
Då vi snakka med Hareid-trenar Hans Gisle "Kisse" Holstad var han ikkje så nøgd med det defensive spelet og sjansesløseriet.
-Vi burde ha vunne kampen. Fleire av spelarane vår kom jo åleine med keeper. Vi starta første omgang veldig bra, men så sleppte vi inn to rotemål. I andre omgang var vi åleine med keeperen to gonger utan suksess. Og så sleit vi med det defensive då Blindheim kom rundt på sidene, seier Holstad.
Kampfakta
4.-divisjon runde 12
Hareid – Blindheim 3-3 (1-2)
Hareid stadion
Tilskodarar: 105
Mål: 1-0 Røyset (24), 1-1 Giske (38), 1-2 Giske (45), 2-2 Rise (48), 3-2 Grimstad (55), 3-3 Olsbø (73).
Dommar: Tove Marie Tandstad, VRF - 5p
Gule kort: Fredrik Andresen, Hareid. Sondre Follesø, Fredrik Giske – Blindheim.
Hareid (4-4-1-1): Vagn Scheide Mork – Antoni Gardshol (Ole André Kragset 85), Marius Rise, Ørjan Engen Grimstad, Joar Møller (Emil Johannes Folkestad 81) – Ola Kalvø Vattøy (Fredrik Andresen 81), Lars Andreas Dahlen Folkestad, Joachim Røyset, Georg Eikrem Olsen (Tore Bjørge Mjønes 81) – Eiliv-Tore Howlid – Hiwa Alipoor (Nikolay Sundgot 65)
*** Marius Rise
** Ørjan Engen Grimstad
* Eiliv-Tore Howlid
PS. Neste Hareid-kamp går borte mot Valder neste fredag.
Les også: