Sist veke spelte Flø borte mot Kvamsøy/ÅVK II. Det gjekk ikkje spesielt bra. Flø tapte 7-2. Måla til grøntrøyene vart scora av Ådne Seljeset og Torstein Vattøy.

Dette var Flø-karane sitt første tap på fire kampar, medan Kvamsøy/ÅVK II tok sine første poeng for året. Referat frå kampen står i laurdagsutgåva av Vikebladet Vestposten.

Haddal og Hareid 2 møtte kvarandre på Solsida i helga. Det enda med braksiger til bortelaget; 7-1. Per Ståle Nykrem vart den store helten med fire nettkjenningar. I tillegg scora Runar Stranden, Einar Orten Trovåg og Christer Adrian Mork. Trøystemålet til Haddal kom ved Øyvind Stokke. Referat frå kampen finn du i morgondagens papirutgåve.

Flø spelar ny kamp borte mot Sæbø i dag, medan både Haddal og Hareid 2 har kampfri denne veka.