Det er rett i overkant av to veker sidan Karsten Warholm vart verdsmeister på 400 meter hekk under VM i London. Friidrettssesongen er likevel ikkje over med det, og torsdag kveld var det klart for Diamond League-finale i Zürich.

Dit kvalifiserte Warholm seg ved å vinne både under Bislett Games og nokre dagar seinare under Diamond League-stemnet i Stockholm.

På startstreken i Zürich stod fleire av Warholm sine tøffaste konkurrentar frå VM, mellom anna Yasmani Copello og Kerron Clement, som var på pallen saman med 21-åringen. I tillegg måtte Warholm konkurrere med Kyron McMasters, som har beste tid i verda i år, men som mislukkast fullstendig under VM.

I oppladinga til Diamond League-finalen har Karsten Warholm mellom anna vore ei periode på heimebane i Ulsteinvik. Mor og manager Kristine Haddal fortel til Vikebladet Vestposten at Warholm har fått kvilt seg litt etter VM, men at han naturleg nok er ganske sliten.

Warholm hadde likevel varsla at han ville gå tøft til frå start i DL-finalen. Her hadda han Clement på utsida av seg og tok han igjen allereie i første sving. I staden var det Kyron McMasters som vart Warholm sin argaste konkurrent. Warholm sprang inn til 48,22 og ny norsk rekord, men litt bak McMasters som tok førsteplassen. Uansett eit fanastisk løp av Warholm.

Han var lenge i leiinga, men på dei siste 100 metrane vart 20-åringen frå Britiske Jomfruøyene for sterk og denne gongen måtte Warholm nøye seg med andreplassen. Dette er nok ein duell vi vil sjå mykje av i åra som kjem.

Allereie fredag startar NM i friidrett i Sandnes. Karsten Warholm skal i aksjon laurdag og sundag på 400 meter og 400 meter hekk.