Hareid kom frå ein 2-0 siger borte mot Langevåg sist veke, men kunne ikkje ta lett på oppgåva heime mot Emblem torsdag. Motstandarane vann nemleg heile 6-0 over Norborg sist veke.

Det såg likevel ikkje ut til at Hareid var heilt klare for oppgåva frå start. Heimelaget såg seige ut i den første omgangen, og det vart ikkje skapt det heilt store framom motstander sitt mål. Det blei med nokre frispark i gode posisjonar, samt nokre gode innleggssituasjonar, men då hadde ikkje Hareid nok folk i boksen.

Heller ikkje Emblem skapte så mykje i den første omgangen, men det var bortelaget som tok leiinga etter 30 minutt. Etter eit innlegg frå venstre fekk Hareid-keeper Sigve Overå Hide ein smell og vart liggande nede. Spelet vart ikkje stoppa, og Emblem fekk to nye avslutningsmoglegheiter. Den første fekk forsvaret rydda unna, men ikkje den andre og dermed 0-1.

Nærast for Hareid før pausen var Ola Kalvø Vattøy som hadde eit skot i tverrliggjaren. På vegen var ballen borti ein forsvarar og Hareid fekk berre ein corner utav sjansen.

Betre etter kvilen

I den andre omgange såg det ut til at Hareid hadde fått nokre klare beskjedar i pausen. Det var tydleg meir vilje og innsats i laget, og det gav resultat i fleire målsjansar og betre spel.

Håvard Øvrelid hadde ein del fine raid, og heldt på å ordne utlikning då ein forsvarar var nære ved å styre inn eit innlegg frå kantspelaren. På den påfølgjande corneren hadde Hareid fleire gode skotmoglegheiter, men utan å finne den rette avslutninga.

Emblem skapte mindre i den andre omgangen, men fekk ei gratismoglegheit etter ei dårleg inngripen i Hareid-forsvaret. Heldigvis var Sigve Overå Hide på rett plass og fekk stoppa avslutninga.

Deretter var det klart for Hareid sin toppscorar. Etter 60 minutt fekk Martinus Røyset Bakken ballen inne i Emblem sin 16-meter. Han skaffa seg rom, drog seg innover i feltet og plasserte ballen heilt nede i lengste hjørnet. Ei flott scoring og utlikning til 1-1.

Hareid var det beste laget i den andre omgangen, men det vart ikkje det heilt store offensivt. To minutt før full tid fekk i staden Emblem frispark i god innlegsposisjon. Det første innlegget vart det ikkje noko av, men Hareid fekk ikkje klarert skikkeleg, og ballen vart slått inn att i feltet. Der vart den flukta vidare inn bak Hareid-keeperen og til leiing for bortelaget.

Dermed vart det nokre hektiske sluttminutt på Hareid stadion, der heimelaget pressa på for utlikning, men utan å lukkast. Det enda dermed 1-2 og Emblem plukka med seg sin fjerde siger for sesongen.

- Vi er svake og passive i førsteomgangen, men andreomgangen er heldigvis mykje betre. Då har vi både litt fotballglede og entusiasme, samt eit pasningspel som ofte treff. Då spelar vi ok, men det er surt med ei avgjerande scoring imot på det som vi meiner er eit feilaktig idømt frispark, fortel trenar Kenneth Moldskred etter kampen.

Flatt batteri

Hareidspelarane trengte ein vekkar etter den første omgangen, og det overraska Moldskred.

- Det forstod eg ingenting av. Vi har ikkje sett slik ut på trening og ikkje i sist kamp heller, men det var flatt batteri og tomme blikk i den første omgangen. Det hadde likevel vore verre dersom det var omvendt, for vi greidde å respondere etter ein pauseprat.

Hareid måtte gjere eit byte allereie etter eitt minutt. Då måtte viktige Simon Holstad Grimstad ut, men Hareid hadde med ein debutant i Henrik Grimstad som viste mykje positivt.

- Simon hadde føling med ein strekk i låret. Difor kunne han ikkje spurte, og då kan ein ikkje spele fotballkampar. Henrik er ein god fotballspelar og blir endå betre når han kan behandle ballen raskare, samt kan flytte beina litt oftare og litt fortare enn han kan no. Det var uansett ein meir enn godkjent første kamp når ein veit kor lite fotball han har spelt i det siste.

Det kan bli ein viktig mann for Hareid denne hausten?

- Det både håpar og trur vi på, slår Moldskred fast.

Hareid:

Sigve Overå Hide – Ben Buntu, Håvard Mork Breivik, Simon Holstad Grimstad (Henrik Grimstad 1), Nauris Driksna – Kim-Tore Husøy, Torgeir Skeide, Gustav Bjørlykke Kløvning (Eiliv-Tore Howlid 53) – Ola Kalvø Vattøy (August Brandal 65), Martinus Røyset Bakken, Håvard Øvrelid (Henrik Holstad 90)